Hopp til innhold

Brødrene Aa er konkurs

Etter tre veker med intensive forhandlingar fekk 170 tilsette i Brødrene Aa i dag beskjed om at dei mister jobben.

En båt på vannet

HYEN: Styret i Brødrene Aa AS har i dag vedteke å melde oppbod. Bakgrunnen er alvorlege økonomiske utfordringar etter at kontrakten på tre hurtigbåtar blei kansellert

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Permisjonsspøkelset har kvilt over Hyen i Nordfjord heilt sidan begynninga av april da ferjeselskapet Norled kansellerte den første av tre kontraktar med båtbyggaren.

Fredag formiddag fekk 170 tilsette beskjed om at industrieventyret i bygda er over.

Det var mykje reaksjonar, seier klubbleiar Jon Vidar Storsletten.

Nokon kjenner dei har blitt lurte, andre tok på jakka og gjekk heim med ein gong. Det har store økonomiske konsekvensar for dei fleste.

en mann i en oransje jakke

– Eg har vore her i 19 år og eg trudde aldri at det skulle skje. Det er trist. Vi får håpe at bustyraren har lyst til at dette skal fortsette å leve. Det er bra produkt og vi får håpe at folk får behalde jobben sin, seier klubbleiar Jon Vidar Storsletten.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Styreleiar i Brødrene Aa, Gustav Johan Nydal, kallar det ein tung dag.

Styret beklagar dette djupt overfor dei tilsette, kundane og leverandørane våre.

Trass i omfattande dialog mellom partane har det ikkje lukkast å kome fram til ei berekraftig løysing, og selskapet står no utan evne til å handtere situasjonen vidare.

6. mai kom nyheita om at Norled kansellerer kontraktane på alle dei nye hybrid-elektriske passasjerbåtane som skulle gå mellom Trondheim og Kristiansund.

Totalt hadde dei tre kontraktane ein verdi på nærare ein halv milliard kroner.

Brødrene Aa

Bakom kanselleringane ligg problem med batterisystem, automasjonskomponentar og propellanlegg, som i praksis gjorde at den fyrste båten (MS «Tyra») ikkje heldt den farten som ferjereiaren forventa.

Foto: Brødrene Aa

Skaper bølger i lokalsamfunnet

Verftet er blant hjørnesteinsbedriftene i Gloppen kommune, og oppseiingane skaper bølger langt inn i lokalsamfunnet.

– Dette er ei djupt alvorleg hending som kan få omfattande konsekvensar, seier Gloppen-ordførar Arnar Kvernevik til E24.

Melding om oppbod vert send til Fjordane tingrett. Retten vil no behandle saka og utnemne bustyrar som tek over forvaltninga av selskapet.

Vi går inn i ei sårbar og utrygg tid, seier Eldar Rønnekleiv, som driv Joker-butikken bygda.

  • Hege Lothe

    Hege Lothe, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane

    Det er verkeleg, verkeleg trist at Brødrene Aa ikkje greidde å få til ei løysing og måtte melde seg konkurs. Det er veldig leitt for dei 170 tilsette, for Hyen, for heile Gloppen og Sogn og Fjordane. Og det er leitt for heile Noreg og verda, i arbeidet med å gjennomføre eit grønt skifte. Skal vi få til det grøne skiftet, også innanfor snøggbåtar, treng vi slike verksemder som Brødrene Aa.

  • Bengt Solheim-Olsen
    Oddgeir Sæle

    Bengt Solheim Olsen, ordførar i Kinn kommune

    Vi har hatt eit internasjonalt leiande teknologimiljø innan grøn skipsfart i Hyen. Tapet av Brødrene Aa som aktiv verksemd vil merkes og i vår kommune og i heile det maritime næringslivet på Vestlandet.

  • Judith Kvåle

    Judith Kvåle, ordførar i Stad kommune

    Kommunane i regionen, saman med fylkeskommunen og regionale næringsaktørar, har over lengre tid uttrykt støtte til Brødrene Aa, eit selskap som satsar på grøn teknologi, eksport og klimavenleg kollektivtrafikk, og peika på behovet for stabile og føreseielege nasjonale verkemiddel, særleg i ein periode med krevjande internasjonale marknader og høge kapitalkostnader.

  • .Arnar Kvernevik
    Andrine Gald Myklebust

    Arnar Kvernevik, ordførar i Gloppen kommune

    Dette er ei djupt alvorleg hending for Gloppen, for dei tilsette og familiane deira, for leverandørane og for næringslivet i heile regionen. Brødrene Aa har vore ei hjørnesteinsverksemd og ein industrimotor for heile Nordfjord. No står vi i ein situasjon som vil kunne få omfattande konsekvensar.

  • ein båt som ligg til kai ved ein brygge
    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    MS «Tyra»

    Permitteringsspøkelset har kvilt over Hyen i Nordfjord sidan byrjinga av april da Norled kansellerte kontrakten på MS «Tyra».

  • Gustav Johan Nydal
    NRK

    Gustav Johan Nydal, styreleiar

    Vi gjekk tomme for pengar. Det er sterkt beklageleg. Vi trudde vi skulle kome fram til ei løysing og har vore optimistar heile vegen. Men det blei til slutt for mange lause trådar.

  • ein mann som står i et rom
    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    Eldar Rønnekleiv, eigar av Joker-butikken

    Vi går inn i ei sårbar og utrygg tid.

Les også Skulle laga miljøvennlege båtar: Har éin månad på å berge 170 arbeidsplassar

En båt på en brygge