Hopp til innhold

Opning av ruspost i det blå

Leiar ved Nordjord Psykiatrisenter Trond Aarre er fortvila over at opninga av rusposten på Nordfjordeid stadig vert utsett.

Trond Aarre
Foto: Helse Førde

Den døgnopne rusposten med ti sengeplassar på Nordfjordeid skulle etter planen opne dørene i september i år. Men Helse Førde går mot eit dundrande underskot, og har ikkje pengar til å opne rusposten som planlagt.

Får hjelp andre stader

- Vi kan ikkje planleggje noko som helst. Vi kan ikkje rekruttere dei som skal jobbe der eller skaffe oss den kompetansen som trengst. Alt dette kan først gjerast når vi veit at vi får pengar til drifta, så vi ventar berre, seier avdelingssjef Trond Aarre ved Nordfjord Psykiatrisenter.

Det går fyrst og fremst utover pasientar og pårørande.

- Nokon må vente lenger medan andre må få hjelp andre stader. Vi trur mange pasientar vil ha godt av å få behandling så nær heimen som mogleg slik at vi kan koordinere oppfølgjing etterpå saman med kommunehelsetenesta. Dette er det vanskeleg å få til dersom pasienten vert sendt langt vekk for å få hjelp, seier Aarre.

Usikker på opning

Mangel på tilbod i Sogn og Fjordane gjorde at Helse Førde måtte sende mange ruspasientar ut av fylket for behandling i fjor. Det kosta helseføretaket 23 millionar kroner, det doble av det som var budsjettert.

Klinikkdirektør Ole Christian Reusch seier helseføretaket står framfor så store utfordringar at han ikkje veit kor tid dei kan opne rusposten.

- Vi har enno ikkje den store oversikta over ein endeleg prognose for 2009 som tilseier at vi kan ta pengar frå ein budsjettpost og flytte over til drift av Nordfjordeid. Det kan vere vanskeleg å få til full drift i 2009, seier Reusch.