Ny skiheis opnar eldorado for frikøyring og toppturar

Laurdag opnar ein ny skiheis på Sogndal skisenter i Hodlekve. Det vil gi nye moglegheiter, spesielt for dei som likar frikøyring.

Hodlekve

MOGLEGHEITER: Den nye skiheisen gir mange nye nedfartar både for dei som likar seg i og utanfor løypene.

Foto: Ola Alsterholm

– Vi opnar ein heilt ny T-krok-heis som tek deg opp til over 1000 meter over havet, fortel dagleg leiar ved Sogndal skisenter, Ola Alsterholm.

Dette er første byggetrinn i reiselivssatsinga i Sogndalsdalen, som på sikt skal gi fleire skiheisar, 500 hyttetomter og gondolbane. Rindebotnheisen strekkjer seg 1300m opp i fjellet, og løyser ut fleire kilometer med alpine nedfartar.

Den nye heisen i Rindebotn ligg om lag éin kilometer lenger inn i dalen og litt vest for dagens heisanlegg.

– Det er ein heis som er opna opp, til dels for ein fin raud nedfart, samt flott frikøyring og toppturar, seier Alsterholm.

Har allereie bestilt ny heis

Trøbbel med leveransar og dårleg flygevêr utsette opninga av den nye skiheisen, men laurdag er det altså klart for den store opninga.

Heisen er del av ei storinvestering, og det er allereie bestilt ein heis til som skal vere klar til neste sesong.

– Inkludert i desse investeringane er det også hyttebygging, seier Alsterholm.

Ein er også godt i gang med planlegging av ein gondol til Kambafjellet.

– Det ligg fire-fem år fram i tid, så det er litt meir langsiktig. Neste heis vert bygd til sommaren, seier Alsterholm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Framtidsvisjonen av Hodlekve

PLANEN: Slik ser ein for seg at Hodlekve skal sjå ut i framtida, men det er eit stykkje fram dit.

Foto: Illustrasjon: Sognefjorden Utvikling

Har godt med snø

I toppen av den nye heisen er det om lag to meter snø.

– Vi har godt med snø. Den nye heisen litt høgare enn den gamle heisen. Men vi har hatt ope sidan 2. juledag, så vi har hatt ein god sesongstart slik sett. Vi har vore heldige og har fått snø når mange andre har fått regn, seier Alsterholm.

Han trur mange vil få nye og spesielle fjellopplevingar av å komme seg opp med nyeheisen.

– Ein kjem litt høgare opp på fjellet. Dei får ein veldig fin, raud nedfart, som er perfekt for storslalåmkøyring. Den er på nivå med det meste andre ein finn av topp nedfartar, seier Alsterholm.

Han peikar også på at heisen opnar opp eit veldig stort område for frikøyring.

– Det er viktig her i Sogndal, seier Alsterholm.