Hopp til innhold

Samla seg i sorga

Bedehuset Betania var fyllt til randen, då folk var samla til informasjonsmøter i Stryn søndag ettermiddag.

Inger Lill Lanes

SNAKKA TIL ALLE: Lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes, var mellom dei som tok ordet under minnemarkeringa i Stryn.

Foto: Arne Vik

Strynejenta Hanne Kristine Fridtun har framleis status som sakna etter massakren på Utøya. Uvissa rår hos vener og kjente, og svært mange samla seg for å kunne snakke saman i Stryn.

Også i Florø skal det vere markeringar knytta til den katastrofale hendinga. Klikk her meir informasjon om dette.

Betania

SAMLINGSSTAD: Mange samla seg til markeringa i bedehuset Betania i Stryn.

Foto: Arne Vik

Ufatteleg

– Dette er jo berre ei ufatteleg tragedie, som råkar oss alle, sa fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, til NRK før markeringa i Stryn.

Sokneprest Kjetil Netland og lensmann Inga Lill Lanes, var mellom dei som tok ordet under markeringa i bedehuset. Det var tydeleg å sjå at folk sitt behov for informasjon etter katastrofen er enormt.

Alle stilte opp

– Vi ønskjer særleg ungdomen velkomen, men også andre kan kome for å snakke saman og få hjelp og informasjon. Prest, lensmann, ordførar og helsepersonale vert til stades. Stryn Røde Kors skal stå for matservering, opplyste sokneprest Kjetil Netland tidlegare i dag.

Folk som opplever vanskar etter dei fryktelege hendingane i Oslo og på Utøya, vert oppmoda om ta kontakt med dei respektive legevaktsentralane i fylket.

Markering i Fjærland

Ei av dei omkomne på Utøya, har slekt og vener i Fjærland. Difor vil det og verte ei minnemarkering der sundag kveld frå klokka 19.00.

– Denne kvelden er vi her for å snakke om det som har skjedd og støtte kvarandre i denne tunge sorga, heier det på bygdelageti Fjærland si heimeside.