Hopp til innhold

Ønskjer større fly til Bringeland

Det er planar om ei storsilt utviding av Førde lufthamn. Ei prosjektgruppe arbeider no med planar om å utvide rullebana, slik at langt større fly enn i dag kan lande på flyplassen.

Widerøe tek av frå Førde lufthamn, Bringeland.
Foto: NRK

Ordførar Jenny Følling i Gaular seier ei slik utviding vil bety mykje.

- Vi ser at enkelte populære avgangar til Oslo er heilt fulle. Det vil vere behov for fleire sete, og då er dette eit ledd i det arbeidet, seier ho.

400 meter til 

Nye tryggleikskrav frå Avinor gjer at rullebana på Førde lufthamn Bringeland må utvidast innan 2009. I samband med dette har prosjektgruppa for flyplassen bede om ei utgreiing for å finne ut om ein kan utvide rullebana ytterlegare.

I dag er lengda på rullebana 800 meter. Målet til Følling er få ho utvida med nærare 400 meter. På den måten kan langt større fly lande på flyplassen, noko som vil vere viktig for næringslivet.

- Viktig for oss

No er fleire kommunar inviterte med på å delta i prosjektet. Og også ordførar i Fjaler, Arve Helle likar ideen.

- Eg tykkjer dette høyres spennande ut. Det er ikkje tvil om at denne flyplassen er utruleg viktig for oss i Fjaler også, seier han.

- Det vil jo bli dyrt?

- Det blir det heilt sikkert. Eg kan ikkje love pengar, men eg vil i alle fall sjå positivt på ein førespurnad, seier han.