Hopp til innhold

Pressa til å seie nei til badeland

Senterpartileiar snur i badelandsaka etter press frå eigne medlemmar. - Dette er vinglete, meiner Ernst Veum i Frp.

Ivar Kvalen

Ivar Kvalen har ombestemt seg.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Temperaturen har vore høg for leiar Ivar Kvalen i Luster Senterparti etter at han sa ja til badeland i formannskapet. Mange av politikarane har vore utsette for personåtak i saka.

- Vel å lytte

No snur partileiaren, og vil gå mot Luster bad på kommunestyremøtet i morgon.

- Eg ønskjer ikkje å gå i konfrontasjon med veljarane våre og har valt å lytte til deira ønskje. Eg har kome til den konklusjonen at det er best å utsetje eller vurdere eit mindre alternativ.

Fått mange telefonar

Prosjektskisse av Luster bad.

Slik skal badet sjå ut viss det blir bygd.

Foto: Asplan Viak

Badeanlegget kjem til å koste 91 millionar og kommunen må betale fem millionar kroner årleg for å drifte badet.

Senterpartiet er splitta i formannskapet, der Kvalen sa ja medan partifelle Sølvi Fretheim Steig sa nei til Luster bad. I etterkant har Kvalen vorte kontakta av mange lustringar som er ueinige med han.

- Eg som partileiar og medlem i formannskapet har måtte svare på ein del telefonar med innspel frå medlemmar. Det er no ein gong slik at når vi stiller oss for hogg, så blir vi av og til trefte.

Senterpartileiaren innrømmer badelandet vart ei større sak enn han hadde trudd.

- Det har vore eit overveldande engasjement i saka og eg klarte nok ikkje forutsjå at dette ville engasjere så mange.

Meiner badet bør komme

Kvalen legg ikkje skjul på at han eigentleg tykkjer Luster bad bør realiserast.

- Eg tykkjer saka har kome skeivt ut og fått eit litt dårleg utgangspunkt. Eg har heile tida tykt at det er positivt at politikarane har vist vilje til å satse.

Når partileiaren altså likevel har falle ned på å gå mot Luster bad, er det fordi mange senterpartivelgjarar i dei mindre lustrabygdene ikkje vil ha badelandet .

- Senterpartiet er sterkt representert i utkantane i kommunen, det er der vi har grunnfjellet. Mange er engstelege for dei tilboda som kommunen yter.

(Saka held fram under videoen)

Video nsps_upload_2009_9_22_19_36_25_2270.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå TV-saka: Badeanlegg splittar bygda

- Kvalen er vinglete

Ernst Veum frå Framstegspartiet tykkjer Kvalen framstår som vinglete.

- Det er ikkje noko nytt at ein føler seg pressa i Luster. Men når ein har gått inn i eit verv og gjort ei prioritering, så er det berre å gå med rak rygg og seie at dette meiner eg. Viss du ikkje toler det, så er spørsmålet om du er rett mann til vervet.

- Urettferdig press

Ordførar Torodd Urnes frå Kristeleg Folkeparti meiner saka har kome feil ut gjennom media. Det har ført til eit press mot Kvalen som ordføraren tykkjer er urettferdig.

- Eg også har hatt tiltru til lustringane at dei klarer å dømme sjølv. Men det er ikkje det dei gjer, dei les avisinlegg og skriv seg på lister ufrå det. Hadde dei lest tilrådinga til rådmannen og sett kva formannskapet gjekk inn på, så hadde det ikkje vore mange lister.

Truleg fullt på benken

Når badelandsaka endeleg skal avgjerast i kommunestyret i morgon, er det berre ein ting Kvalen frå Senterpartiet er rimeleg sikker på.

- Slik det ser ut frå engasjementet i saka, så blir det fullt på publikumsbenken. Og det tykkjer eg er heilt greitt.

Sjå bileta: Slik blir Luster bad