Hopp til innhold

Omkom etter åtte meter fall i siloen

Ein mann på 62 år er stadfesta omkomen etter fall i ein silo ved Bygstad i Gaular.

Bygstad

Ulukka vart meldt klokka 1310. Naudetatane og luftambulansen rykte ut.

Fallet skjedde medan mannen arbeidde på ei campingvogn ved siloen.

– Pårørande var i nærleiken og såg ulukka. Han reparerte på campingvogna og fall kring åtte meter ned i siloen, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje BT arbeidde mannen på campingvogna saman med sonen. Politiet antar at mannen snubla i ein støypekant på 20–30 centimeter som gjekk rundt siloen. Siloen hadde gamalt landbruksmaskineri i seg.

Mannen var i live då ambulansepersonell kom til staden. Livet stod likevel ikkje til å redde.

– Politiet er framleis på staden og gjer sine undersøkingar. Arbeidstilsynet er varsla sidan ulukka skjedde på ein gard. Kriseteamet i kommunen er også varsla, opplyser Gulliksen.