Hopp til innhold

Ølmheim ny ordførar i Sogndal

Stig Ove Ølmheim (Ap) blir ny ordførar i Sogndal og Gunhild Bøyum (H) blir varaordførar. Ap har danna fleirtal saman med Høgre, Frp og KrF. Ølmheim tek over etter Arnstein Menes (Sp). Senterpartiet gjekk på eit sviande nederlag og gjekk tilbake frå 43,1 prosent til 23,1, prosent. Ap vart det største partiet i Sogndal med 26,8 prosent.