Oljeutslepp i Selje

Ein lastebåt har sleppt ut olje i Moldefjorden i Nordfjord.

Ein ventil har sprengt lekk, og 400-500 liter olje har lekt ut. Deler av dette har runne ut over skutesida, medan delar av det ligg att på dekk.

Uhellet skjedde i halvfem tida fredag ettermiddag.

Oljen er av typen IF380, som er det tyngste du kan få. Oljen skal ha spreidd seg, og gått i fjæresteinane i eit belte på om lag 200 meter rundt båten. Båten ligg no ved kai hos Norway Pelagic i Selje.

Full utrykking

Oljeutslepp i Moldefjorden

Ein skimmer samlar opp oljen.

Foto: Bjarne Eldevik

Selje Brannvesen, Måløy Brannvesen og Interkommunalt utval for akutt forureining avdeling Nordfjord har reist ut med utstyr for å avgrense spreiinga, og samle opp oljen.

Dei har mellom anna ein skimmer, som er ein oljeoppsamlar. Dei strør også ut bark i fjæresteinane, som skal suge til seg oljen.

Hell i uhell

Brannvesenet rigga seg til med lyskastarar, og jobba heile natta for å samle opp oljen som har leke ut.

Brannsjef Steinar Hatlelid ved Selje brannvern, seier til BT.no at det kan gå nokre dagar før alt oljesølet er fjerna. Han seier det var hell i uhell at utsleppet skjedde ved kai.

– Hadde det skjedd ute på sjøen hadde vi fått større problem. Slik sett var det greitt at det skjedde her, sånn at vi fikk ringa det inn fort. Det er ikkje fare for at det skal spreie seg no, seier Hatlelid.

Oljeutslepp i Moldefjorden
Foto: Bjarne Eldevik