Hopp til innhold

Ofrar julefeiringa for å hjelpe flyktningar

Medan dei fleste ser fram å feire jul med familie og vener, har Anne Brit Sande vald vekk den tradisjonelle jula for å hjelpe menneske på flukt.

Anne Brit Sande på Khios i Hellas

VIL HJELPE: For Anne Brit Sande var det viktigare å hjelpe flyktningane i Hellas enn å feire jul heime med familien.

Foto: Privat

Øya Khios i Hellas ligg om lag seks kilometer frå Tyrkia, og sjøpartiet mellom er ei vanleg rute for båtflyktningane. Der har Anne Brit Sande frå Førde har allereie teke imot to båtar.

– Det er noko som eg har tenkt på ei god stund i haust og då det vart klart at dei trengde frivillige så bestemte eg meg for å reise. Det er jo fordi eg har lyst å hjelpe, seier ho.

To koffertar med klede

Sande, som til dagleg er medielærar ved Hafstad vidaregåande skule, er på Khios saman med organisasjonen «Dråpen i havet». Ho reiste ned 20. desember og blir der i ei veke. Sjølv om ho ikkje har helsefagleg bakgrunn meiner ho at ho kan bidra med mykje.

– Det er først og fremst å vere der når dei kjem inn til hamna og vere tilgjengeleg med tørre klede, litt drikke og kanskje litt mat, vise omsorg og kartlegge kor mange som er komne i båten, ramsar ho opp.

Båtflyktningar på veg inn mot hamna i Tilos, Hellas

FØLGJER MED: Ein del av oppgåvene til dei frivillige er å følgje med på når det kjem nye båtar. Her ser vi ein båt med flyktningar på veg inn mot Khios.

Foto: Anne Brit Sande

Dette med tørre klede er noko ho tenkte på før ho reiste heimanfrå.

– Eg hadde med meg to store koffertar fulle med klede som eg har fått frå vener, kjenningar og slekt. Dei kjem til stor nytte her nede.

– Flott å sjå gleda dei viser

Arbeidet på Khios er ikkje berre å ta imot flyktningane. Dei må også patruljere langs stranda og følgje nøye med så dei er klare når nokon kjem. To gonger har Sande vore på hamna når flyktningane har kome inn.

– Det er flott å kunne hjelpe og sjå den letta og gleda dei viser når folk tek godt imot dei.

Ho ristar berre på hovudet av kritikarar i Norge som meiner mange av dei som kjem ikkje er flyktningar, men migrantar på jakt etter eit litt betre liv, og at Europa ikkje bør ta imot dei på denne måten fordi det oppmodar fleire til å komme.

– Eg tek ikkje stilling til kor dei kjem frå. For meg er det viktig å vise medkjensle. Eg trur ikkje kritikarane har sett desperasjonen bak ei slik flukt, seier Sande.

At det ikkje blir ei normal julaftan i år er ikkje noko ho tek så tungt.

– Eg er ikkje så veldig oppteken av julaftan i år. Eg har gjort eit alternativ val. Vi er om lag tjue frivillige som er tilknytt Dråpen i havet, så sjølv om dette er ei heilt annleis julaftan, så skal vi nok få det triveleg her også.