Offshoreskip slepp årsgebyret

Offshoreskip som ligg i opplag slepp å betala årsgebyr. Det sparar næringa for kring 2,3 millionar kroner i 2016, skriv næringsdepartementet i ei pressemelding. – Dette er eit positivt tiltak for ein bransje i ein vanskeleg økonomisk situasjon, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Næringsminister Monica Mæland
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix