Hopp til innhold

Ødegaard trenar med Sogndal

Alexander Ødegaard stiller på Sogndal-trening onsdag etter å framforhandla ein sluttavtale med franske Metz.

Alexander Ødegaard

EX-VIKING: Alexander Ødegaard under ein av sine mange kampar for Viking.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Ifølgje Sogn Avis kom Alex til Noreg tysdag, og skal vere klar for å trene med gamleklubben Sogndal alt i morgon. S

Som NRK tidlegare har omtala, ønskjer Ødegaard seg attende til Sogn og Fjordane, og har kjøpt seg hus i Jølster.

– Det er ikkje langt frå Jølster til Sogndal, og det er ikkje uaktuelt for meg å spele for dei framover, sa førdianaren til NRK nyleg.

Om og eventuelt når Alexander Ødegaard kan vere klar for Sogndal er uvisst, men begge partar skal no vurdere ein eventuell kontrakt.

– Alex skal trena med oss ein periode, der me skal sjå på kvarandre og vurdera status vidare, seier Sogndal sin assistenttrenar Håvard Flo til Sogn Avis.