Hopp til innhold

Sogndal vurderer Ødegaard

Alexander Ødegaard er i ferd med å bli fristilt frå franske Metz og er no i forhandlingar med Sogndal. Men den 31 år gamle kantspelaren kan også ende i moderklubben Førde i 3. divisjon.

Alexander Ødegaard

SLUTTAR I FRANKRIKE: Alexander Ødegaard er i dialog med Sogndal og skal trene med klubben framover.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

– Alexander er i Frankrike for å sluttforhandle fristillinga si. Vi har hatt dialog med han dei siste dagane, så når han kjem tilbake att er intensjonen at han skal kome inn til oss og trene litt med oss.

– Så blir vegen lagt etter det, seier Håvard Flo i Sogndal som har ført dialogen med Ødegaard.

Putta 45 i Sogndal-drakta

Ødegaard spelte for Sogndal frå 1999 til 2004, fekk 125 kampar og skåra 45 mål. Han vart laget sin toppskårar med 15 mål i 2004-sesongen då han også fekk Kniksenprisen og spelte seg inn på landslaget.

Same år gjekk han til Rosenborg for 11 millionar kroner, og karrieren sidan har vore prega av opp- og nedturar.

Etter fire år i Viking gjekk han til franske Metz som no spelar på nivå tre. Der hamna han etter kvart utanfor laget og har spelt lite i det siste. Ødegaard kjøpte seg nyleg hus i Jølster, og er innstilt på å flytte til Sunnfjord denne hausten - uansett om han får kontrakt med Sogndal eller ikkje.

– Ein interessant spelar

Likevel trur Flo at Ødegaard kan bli ei forsterking for Sogndal.

– Alexander er veldig motivert og meiner sjølv han har nokre år att i kroppen. Eg trur dei eigenskapane bur i kroppen til Alexander. Eg var veldig glad då eg spelte for Sogndal og hadde han på kanten.

– Men han har vore litt ute i skuggen i Frankrike i det siste, så no må vi sjå kva han vil. Etter det vi forstår vil han drive det vidare. Det er ein veldig interessant spelar, ikkje minst fordi han er ein fylkesspelar.

Usamde om løn

Etter det NRK forstår er det likevel stor avstand mellom Ødegaard og klubben når det kjem til løn. Ødegaard skal ha kravd 50.000 kroner i månaden for ein korttidskontrakt ut sesongen.

Dette er sannynlegvis i meste laget for Sogndal, sjølv om dei ikkje skal ha kome med noko konkret tilbod til Ødegaard enno. Difor vurderer Ødegaard også moderklubben Førde i 3. divisjon, sjølv om dei ikkje kan møte korkje Ødegaard sitt forlangande eller Sogndal sitt tilbod. Flo vil ikkje kommentere det økonomiske, men seier han har tru på ei løysing.

– Om Alexander vil skal vi klare å løyse det på ein ok måte innanfor rammene våre.

Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå Alexander Ødegaard enno.