Hopp til innhold

Fryktar miljøkatastrofe på Lutelandet

Leiar i Norges miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, meiner Lutelandet er ei tikkande miljøbombe.

Kurt Oddekalv

SKEPTISK: Leiar i Norges miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, trur ikkje Lutelandet og Fjaler vil klare å få spesialkompetansen som trengst til å ta seg av store mengde giftig avfall.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Ja, det gjer eg. Det kostar pengar å gjere miljø skikkeleg. Veldig ofte er entrepenørane ute etter kortsiktig gevinst og miljøet blir nedprioritert, seier Oddekalv.

Lågradioaktivt avfall, kvikksølv, tungmetall og PCB. Dette er berre ein liten del av alle giftstoffa som må handterast når gamle oljeplattformer skal demonterast og destruerast.

Meiner Oddekalv tar feil

Planen er å bygge ei enorm tørrdokk for å kunne ta imot gamle plattformer på Lutelandet. Korleis det giftige avfallet vil bli behandla og lagra er heilt avgjerande for unngå ureining.

Stein Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling fryktar ikkje noko miljøkatastrofe.

Lutelandet

BLIR SIKKERT: Lutelandet Utvikling seier dei tar førehandsreglane som trengst.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Vi gjer alt vi kan for at det ikkje skal bli noko ureining i området rundt, det er ein av grunnane til at det tar litt tid å få utbygd Lutelandet. Vi må lage eit anlegg som sikrar at det ikkje blir utslepp i omgjevnadane, seier Ottesen.

Lutelandet Offshore har fått eit utsleppsløyve, men ifølgje Ottesen er dette eit null-løyve for handtering og mellombels lagring av avfallet til ein får det vekk.

- Overkøyrde av store entrepenørselskap

Oddekalv meiner på si side at ein må nytte dei allereie eksisterande anlegga for mottak av gamle plattformer.

Dette er omfattande og kompliserte oppdrag. Lutelandet og Fjaler vil ikkje kunne få den spesialkompetansen som trengst, seier Oddekalv.

– Innybggjarane blir på ein måte taparar, fordi kommunen har ikkje ein administrasjon som er stor nok verken på jus-sida eller på miljøsida til å ta vare på innbyggjarane sine. Dei blir jo totalt overkøyrde av desse store entrepenørselskapa, seier Oddekalv.