Det var på eit styremøte i mai at Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok ei utvida satsing på reiseliv, der fylket sine ressursar innann natur, kultur og friluftsliv i større grad skal bli tekne i bruk. Bakgrunnen for dette er framlegget frå ei arbeidsgruppe.
Styret har og løyvd 500.000 kr i utviklingsmiddlar til å utarbeide dei nye studieplanane. Om det nye studietilbodet vert ein realitet, blir klart i oktober.