- Det vart ikkje gjort funn i søket i dag, seier Tore Salvesen, politiinspektør ved Laksevåg lensmannskontor.
Søket i dag vart gjort fordi firmaet som søkte tidlegare ikkje var fornøgd. Dei vil no kvalitetssikra søket etter Dung Tran Larsen.
- Og me gjennomfører i dag søket med betre og meir avansert utstyr, seier Salvesen.
Området vart og undersøkt i april.
Ein miniubåt med både kamera og sonar skal søka ned i mudderet i vatnet.
Tobarnsmora frå Krabbedalen i Bergen har vore sakna sidan juli i fjor. Ektemannen og mora hans er sikta i saka.
Politiinspektør Salvesen seier at dei og jobbar vidare med kvalitetssikring og gjennomgang av dokument i saka.