Hopp til innhold

Ny undersøking: 7 av 10 ynskjer røykfri uteservering

Fleire og fleire ynskjer seg røykfri uteservering. Regjeringa gjer det vanskelegare å ta seg ein røyk ute, men ikkje på restaurant.

Røyk uteservering

NYT FRISK LUFT: Veninnene Elisabeth Sinnes og Stine Holmen meiner røykjande kan gå rundt hjørnet på restauranten for å ta seg ein røyk.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Eg føler me er litt ferdige med det å røykje i det offentlege rom, seier Stine Holmen.

Ho sit på uteservering i Bergen sentrum og nyt eit glas vin saman med veninna Elisabeth Sinnes.

Ingen av dei røykjer, og begge er einige i at dei føretrekkjer ei røykfri uteservering.

Det er dei ikkje aleine om.

7 av 10 nordmenn meiner at det ikkje burde vera lov å røykje på uteservering, ifølge ei undersøking bestilt av Kreftforeningen.

– Plagsamt

Distriktssjef Geir Vangnes i Kreftforeningen seier at fleire ynskjer røykfrie område.

– Folk synest det er plagsamt å gå ut for å ete middag og så sit det nokon ved nabobordet og røykjer.

Då forslaget om å forby røyking på serveringsstadar inne og røykjelova vart eit faktum i 2004, var det mange som protesterte.

Men talet på røykjande har gradvis minka dei siste tiåra.

I 2004 røykte kvar fjerde nordmann fast. No er det berre 9 prosent av befolkninga mellom 16 og 74 år som tek seg ein røyk dagleg, viser tal frå helsedirektoratet.

– Det aller viktigaste med arbeidet kring røyking er å hindre at born og unge startar med det, seier Vangsnes.

Geir Vangsnes, Kreftforeningen

DISTRIKTSSJEF: Geir Vangsnes seier Kreftforeningen ynskjer røykfrie område.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Forbod i private bilar

Tysdag denne veka la Helse- og omsorgsdepartementet fram eit forslag på korleis røykjelova kan utvidast.

Dei foreslår blant anna å forby røyking i private køyretøy der barn under 18 år er til stades.

I tillegg vil dei gjere det ulovleg å røykje på leikeplassar eller uteområde meint for idrettsutøving.

Eit forbod mot røyking på uteserveringsstadar er ikkje eit av regjeringa sine lovforslag. Heller ikkje konsertområde eller festivalar.

– Eg er opptatt av at når ein skal stramme inn i lova, må det skje gradvis. I denne omgang har vi konsentrert oss mest om område kor særleg born ferdast, fortel statssekretær Maria Jahrmann Bjerke i Helse- og omsorgsdepartementet.

Røyking

KONSERTRØYK: Undersøkinga viser også at 71 prosent ynskjer røykjeforbod på utandørsarrangement som konsertar.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

Svenske tilstandar

Sverige gjorde det forbode å røykje ved ei rekke plassar utandørs, blant anna på uteservering i 2019.

Målet var å bli eit røykfritt land innan 2025.

Der trur ikkje Vangsnes at Noreg er, heilt enda.

– Vi foreslår ikkje at røyking skal bli forbode. Vi ynskjer at det skal vera tydelege arenaer som er røykfrie, seier han.

Bedrifter kan likevel velje å sette opp «røyking forbode»-skilt om dei ynskjer eit røykfritt område.

Restaurant

PÅ UTESERVERING: Harald Maalad og Andreas og Anne Lamberg Opsalh er ueinige om røykeforbod er naudsynt.

Foto: Synne Sørenes

Det meiner Anne Lamberg Opsahl er ein god idé.

– Det lukter jo veldig sjølv om det er ute. Ein pustar det jo inn, fortel ho.

Ho sit også på uteservering i Bergen saman med Harald Maalad og Andreas Lamberg Opsalh som ikkje er einige i at røyking på utestadar burde bli forboden.

– Eg syns det er nok som er ulovleg. Det er berre koseleg og litt retro med sånn røyklukt, seier Maaland.