Ny sommarbåtrute til Fedje

I sommar opnar det nye båtsambandet mellom Øygarden og Fedje. Ruta er ei forlenging av snøggbåtruta som til vanleg går frå Hellesøy til Hernar og dei andre øyane i nord og er eit samarbeid mellom Fedje, Øygarden og Austrheim kommunar og fylkeskommunen. Båten «Øyrosa» skal trafikkera sambandet frå 21. juni til 19. august.

Mot ferjekaia på Fedje
Foto: Oddgeir Øystese / NRK