- Det er ingen plass i verda som har tre sjukehus i eit fylke med så lite folk som i Sogn og Fjordane.
Det sa statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Roger Ingebrigsten i debattprogrammet
.Ny rapport er kritisk
Sjukehusdebatten i Noreg blussa i går opp att, etter at ein ny rapport blei lagt fram av Kommunenes Interesseforening for Lokalsykehus
Rapporten, som er utarbeida av Høgskolen i Hedmark, er svært kritisk til konsekvensane av Samhandlingsreforma.
Fryktar lang veg
- FORFØRERISK: Bente Øien Hauge i aksjonsgruppa 'Forsvar sjukehuset Lærdal' har liten tillit til lovnadene om at samhandlingsreforma vil gje eit betre sjukehustilbod.
Foto: PrivatBente Øien Hauge i aksjonsgruppa "Forsvar sjukehuset Lærdal" raste i går mot statssekretæren sitt forsvar av omstrukturering av sjukehustilbodet i landet.
– Eg håpar at du ikke er i Indre Sogn når du vert ramma av eit hjarteinfarkt. Då vil du ikkje komma deg til sjukehus i tide.
Forelda struktur
Men lange avstandar mellom sjukehusa uroar ikkje statssekretæren. Ingebrigtsen er klar på at dagens struktur er forelda, og at endring må til.
– Me kan ikkje ha ein sjukehusstruktur som den me hadde på sekstitalet og tru at det er den beste. Den viktigaste funksjonen til sjukehusa er å redde liv. Tenestar som bidreg til gode liv er det primærhelsetenesta som skal tilby, meiner han.
– Ikkje dårlegare tilbod i Sogn
Statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet understreka likevel at regjeringa ikkje har planar om å leggje ned lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.
– Me skal sikre innbyggjarane i Sogn eit like godt helsetilbod i framtida, men det kan ikkje vere identisk med det som dei har i dag.