Hopp til innhold

Ny pris til forfattaren frå Feios

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Vik har fått målprisen til Sogn og Fjordane Mållag.

Aud Lunde, Brynjulf Jung Tjønn og Henning Rivedal

MÅLPRISEN: Leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Aud Lunde, målprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn med spesialsignert ”Susanna frå Sunnfjord” av Oddvar Torsheim og styremedlem Henning Rivedal.

Foto: Arne Kleiva

Prisen blei delt ut på Skei under årsmøte til mållaget laurdag. Leiar Aud Lunde overrekte eit signert bilete av Oddvar Torsheim, skriv mållaget i ei pressemelding.

– For oss i heimefylket blei han som den heimkomne sonen. Med denne Målprisen ønskjer vi han velkomen heim, sa Lunde i talen sin.

For den unge forfattaren har ikkje alltid skrive nynorsk. Etter at han debuterte med boka «Eg kom for å elske» i 2002, skifta han over til bokmål. Det blei fire bøker på den målforma.

Men då det stoppa opp for han i skrivinga, fekk han råd om å byrje skrive nynorsk att.

– Det gjekk seint, men så losna det. I løpet av eit par timar skreiv eg det som blei innleiinga på «Så vakker du er», sa han under takketalen sin.

For ei veke sidan blei det kjent at forfattaren er nominert til Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for boka «Så vakker du er». I haust vann han Brageprisen for denne boka.