Balestrand har investert 50 millionar kroner i aksjar. Berre sidan nyttår har aksjane mista ein verdi på 1 1/2 million kroner.
Investerte sal av kraftaksjar
Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har investert store summar i aksjar etter sal av eigardelar i lokale kraftselskap.
Men det siste året har aksjekursane stupt, og mange kommunar har registrert milliontap. Dersom kursen blir den same ved utgangen av året, er dette eit tap – rett nok på papiret – men som like fullt må dekkjast inn som eit vanleg underskot.
Det krev ei ny forskrift, som kom etter at stadig fleire kommuner investerte i aksjar. Det kan få store konsekvensar for kommunar som frå før slit med ein svært pressa økonomi.
– Viss det var årsoppgjer no, og vi måtte dekkje inn vårt tap på 1,5 million, anar eg ikkje kor vi skulle teke pengane frå, seier ordførar i Balestrand, Kari Marie Rutle Fjærestad.
Same reglar som i næringslivet
Sjølv om politikarar og kommunar no klagar over dei nye reglane, meiner avdelingsdirektør Tor Berntstrøm i kommunaldepartementet at det ikkje er unike rekneskapsreglar kommunane må forholde seg til.
– Dette er dei same reglane som privat sektor må følgje, seier Berntstrøm.
Årsaka til at departementet har innført reglane er at det skal vere like vilkår om du sparer i bank eller på børs.
I og med at børsen har stupt dette første året med nye reglar, har reaksjonane vore mange frå kommunane.