Under festivalopninga i Nordfjordeid for ti år sidan blei helga dei hadde gleda seg til noko heilt anna enn forventningane.
Ein halvtime før første band skulle på scena kom nyheitsmeldingane om eit terroråtak i Oslo.
– Vi hadde mange frå Oslo-området som arbeidde bak scena og merka at dei vart litt ufokuserte, seier festivalsjef Arnt Ivar Naustdal og speidar ut over årets festivalområde frå scenekanten.
SJEF: Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal kan endeleg samle folk til konsert igjen.
Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRKI timane som følgde blei det mange omsyn å ta for festivalsjefen. Etter å lese nyheitene gjennom natta var det tydeleg at dette var noko som kom til å prege landet framover.
Kunne liknande åtak skje her? Var det riktig å halde ungdomsfestival samtidig som så mange ungdomar hadde mista livet på Utøya?
Ein ting var sikkert: Festivalen kunne ikkje bli halde som normalt.
Alvorstyngd
Laurdags morgon hadde alvoret byrja å synke inn over teltleiren.
Bjørn Eidsvåg var første artist på scena laurdagen. Alvoret hadde begynt å legge seg over festivalcampen i det trøytte festivaldeltakarar kraup ut av telta og pusla saman bitane av hendingane.
– Konserten med Bjørn Eidsvåg vart nesten som ei minnegudsteneste, seier Naustdal.
Kommunen etablerte kriseteam, kyrkja var open og alle blei oppmoda om å ta kontakt med ei vakt dersom dei trengde nokon å prate med.
– Stemninga på campen var prega av omsorg og folk var her like mykje for å vere i lag, seier Naustdal.
Alle bidreg
Denne helga samlar Naustdal igjen ungdomen til festival. Det er første gang på to år at dei får arrangere festivalen.
Etter at festivalen vart avlyst i fjor gjorde dei ein ny vri for å få musikken ut til folket. Dei pakka ein hengar med lokale artistar og utstyr for å halde konsert i åtte små plassar og bygder i regionen.
I år vert festivalen ein mindre versjon av originalen under namnet MiniMalakoff, etter lang tids usikkerheit om festivalen i det heile kunne gjennomførast er dei frivillige glade for få stille opp.
– Det er utruleg viktig for oss no å få kome saman, seier Arve Dahl som arbeider frivillig på festivalen.
Det er over 100 frivillige i sving under festivalen. Malakoff dreg nytte av frivillige frå bondelaget og andre organisasjonar i bygda som stiller opp år etter år.
POPULÆRT: Når festivalscena skal riggast av bondelaget manglar det ikkje på oppmøte seier bondelagsleiaren.
Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRK– Dette er veldig viktig både sosialt for oss, det er bra for bygda og bra for festivalen at vi får kome i lag og drive dugnad, seier leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle.
Og i kveld var rockefestivalen på Nordfjordeid atter i gang.
– Det er altfor lenge sidan sist, vi har lengta veldig etter å kome i gang, seier Naustdal.
Det vert ingen markering av 22. juli på festivalen i år, sidan det er markeringar gjennom dagen trur festivalsjefen at det er godt for folk å møtast gjennom musikken.
– Vi markerer det gjennom å ha ein fin konsert, seier han.
CHARLIE RACKSTEAD: Er først ut på scena denne torsdagen.
Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRK