Hopp til innhold

Full fest då fiskeriministeren opna ny kai i Kalvåg

At det regna sidelengs stoppa ikkje folk i Kalvåg frå å heise flagget og feire då den nye fiskerikaien deira vart opna i dag.

Lisbeth Berg-Hansen opna fiskerikaia i Kalvåg

STOR STAS: Det var folkefest i Kalvåg då Lisbeth Berg-Hansen opna fiskerikaia.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Karl Vidar Førde

GLADLAKS: Ordførar Karl Vidar Førde var ein glad mann då den nyoppussa fiskerikaia i Kalvåg vart opna måndag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er ein gledas dag for Kalvåg som bygd, Bremanger som kommune og gullkysten, som eg kallar det. Det betyr mykje for miljøet å få rusta opp denne kaien, seier ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

Full fest

Det var ein jubeldag i Kalvåg då den nye fiskerikaien opna i dag. Regna piska inn frå sida, men det brydde ikkje folk seg om då fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) kom for å klyppe snora på den nye kaien.

– Dette er fantastisk moro. Det hadde kanskje vore endå kjekkare om vêret var litt betre, men slik er det på kysten, og det er litt sjarmen med det også. Båtar med full flaggføring tykkjer eg er kjempekjekt, seier ministeren.

Skulekorpset var på plass og ordføraren trossa vêret og stilte med ordførarkjeda rundt halsen.

– Avgjerande for næringa

Fiskerinæringa jublar over uendra minstemål

STRÅLTE: Sylvi Røys i Brødrene Larsen AS (t.v.) er godt nøgd med den nye kaien.

Foto: Johan Moen / NRK

Fiskerikaien er blitt utbetra og innseglinga gjort djupare. Det gjer at fleire båtar kan leggja til og liggja der over lengre tid, og båtane kan lagra delar av fiskeutstyret sitt på kaien.

– Det er ein kjempeflott kai som me håpar vil bringe mykje meir aktivitet til Kalvåg innan fiskerinæringa, seier Sylvi Røys i Brødrene Larsen AS.

– Det er heilt avgjerande å ha ein slik infrastruktur på plass. For denne bygda tippar eg at denne kaien er like viktig som tunnel og vegsamband er for andre bygder, seier Berg-Hansen.

– Ein veit at fiskerinæringa slit på mange frontar, er det rett å bruke so mykje pengar på ein kai?

– Fiskerinæringa slit, men det me skal hugsa på er at me har ein evig ressurs i havet, og då er me heilt avhengige av å ha kaiar. Dette er framtida på kysten, so eg meiner det er heilt opplagt at ein investerer i noko slikt her i landet.

(Artikkelen held fram under bilete)

Kaiopning i Kalvåg

MYKJE FOLK: Det var mykje folk til stades då kaia vart opna.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordføraren vil ha meir rekruttering

Det skal gjerast endå meir på kaien for å ta endå større og fleire båtar. Det er snakk om fleire titals millionar kroner på dette byggjesteget, og 160 millionar totalt for alle planane.

– Me håpar dette vil få opp aktiviteten, at etablerte bedrifter får utvikla seg og at me trekkjer til oss nye bedrifter slik at me får fleire å spela på lag med. Meir verdiskaping, fleire arbeidsplassar, meir pengar og auka tilflytting er målet, so denne kaien treng me, seier ordførar Førde.

– Er det verdt å bruke so mykje pengar på ein kai når ein ser at fiskerinæringa slit?

– Ja, eg meiner me må ta vare på næringa og utvikle den vidare. Me må satsa vidare, det er mykje potensial i næringa. Me må få rekruttert arbeidskraft og få dei som veks opp til å engasjere seg i fiskeri. Difor er det viktig at hamna og kaianlegget her blir fort bygd slik at ein får rekruttert nye krefter til næringa, seier Førde.