Ny bok om Amerika-vandringa: – Dei kunne vere sogningar heile livet

Det som overraska Terje Hasle Joranger mest i arbeidet med boka om sogningar som utvandra til USA, er kor mykje dei heldt på identiteten og kulturarven.

Utvandra Lustringar

UTVANDRA: Peder T. Joranger (1868-1905) frå nedre Joranger (Jørongo) i Hafslo, Luster, kona Julia f. Johnson (1875-1961). Ho var fødd i Wisconsin i USA, av foreldre som utvandra frå Luster. Dottera på biletet er Pearl Jeanette (1896-1965), seinare gift med Harry William Anderson. Familien budde i staten Minnesota, der Peder var hotell- og restauranteigar.

Foto: Terje Hasle Joranger

– Dei kunne vere sogning heile livet, seier Joranger

Han byrja som bygdebokskrivar i Luster kommune på 90-talet. Han har medverka til fem bind som omhandlar tidlegare Hafslo kommune. Han har vore leiar i "Det norskamerikanske historielaget".

Temaet i den nye boka til Joranger er identitet: Korleis forheld sogningane seg til si eiga gruppe, men også til andre nordmenn og andre innvandrargrupper, når dei kom til Amerika.

– I Pope County i Minnesota fekk eg høyre om bygdestrid mellom sogningar og andre grupper norskamerikanarar, der dei fortel vitsar om kvarandre, hadde tautrekking med ei gruppe på kvar side for å sjå kven som var sterkast.

  • Høyr Joranger fortelje om sogningar i Amerika lenger nede.

Freista å attskape heimbygda frå Sogn

Terje Hasle Joranger

STUDERER EMIGRASJON: Terje Hasle Joranger.

Foto: Privat

Omtrent 800.000 nordmenn emigrerte til USA på 1800-talet og starten av 1900-talet. Målt etter folketal er det berre frå Irland fleire reiste.

Dei busette seg tett, i store busetnadsområder, fortel Joranger.

– Ofte var det ikkje berre sogningar, men folk frå same bygd eller grend, som busette seg saman. Veldig mange hadde eit veldig nært forhold til jorda. Dei var vande til eit hardt liv, eit arbeidsliv, frå Norge. Dette forsøkte dei å overføre til USA, seier Joranger.

Dei forsøkte å gjere det likt som heime, fortel forfattaren. Kjøpte land, skaffa dyr, planta jorda og oppretta institusjonar, altså ei kyrkje.

– Dei freista å attskape deler av heimbygda dei forlèt, om det var Vik, Hafslo eller Leikanger. Det er noko av nøkkelen til å forstå at norske emigrantar frå same stad busette seg samla: dei ville attskape noko dei hadde tapt.

Held på mange tradisjonar i dag

I dag høyrer dei fleste norskamerikanarane til middelklassen i USA, fortel Joranger. Men 100 år seinare lev mange tradisjonar vidare. Det gjeld spesielt maten.

– Til dømes er Mølse ein regional type mat som andre norskamerikanarar ikkje veit kva er. Maten blir teke fram på høgtider, men blir også servert i lokale kyrkjer om hausten, saman med lutefisk, kjøttkaker og slike norsk-orienterte rettar. Dette er kyrkjer som kan ha eit ordinært medlemskap på 150 personar som trekker tusenvis.

– Men språk, religion og delvis busetnadsmønster har flote ut etter kvart, og blitt noko svakare, seier Joranger.

– Finst det andre ting som syner identitet: Kor sogning er ein norskamerikanar med røter frå Luster i dag?

– Etnisiteten eller bakgrunnen kjem fram ved forskjellige typar samlingar. Eit interessant trekk ved det norskamerikanske samfunnet er bygdelag. Du har Sognalaget, Sognefjordlaget, Nordfjordlaget og Sunnfjordlaget, som møtast regelmessig, og der kjem sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen fram.