Hopp til innhold

Skremt over at fylkespolitikarane seier ja til gruveprosjektet

– Det er skremmande at ein ein instans som Fylkesutvalet går inn for det omstridde gruveprosjektet i Engebøfjellet ved Vevring, seier Mari Winsents, nestleiar i Natur og Ungdom.

Steinbrotet i Engebøfjellet

SEIER JA: Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane seier ja til det omstridde gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Mari Winsents, nestleiar i Natur og Ungdom

Mari Winsents, nestleiar i Natur og Ungdom

Fylkesutvalet sa i går eit klart ja til planene om gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring, og til deponi av stein og slam i Førdefjorden.

«Det finst ikkje miljøfaglege innvendingar mot prosjektet» heiter det i vedtaket frå Fylkesutvalet.

– Det er skummelt at politikarane ikkje lyttar til fagkunnskapen som er komen fram, seier Winsents.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet viser til at gruvedrifta vil gje mellom 150 og 170 nye arbeidsplassar i 50 år framover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Engebøfjellet

ENGEBØFJELLET: Her i dette fjellet aust for Vevring ønskjer selskapet Nordic Mining å utvinne mineralet Rutil.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil anke til høgaste instans

– Det er veldig skremmande at ein så viktig instans i denne saka kjem med så tydlege signal om at dei rett og slett ikkje trur på den faglege kunnskapen om konsekvenser for livet i fjorden, seier Winsents.

Winsents har tidlegare sagt at dersom politikarane og direktoraret seier ja til planane, vil Natur og ungdom anke til høgaste instans. Det står dei fast ved:

– Det handlar om nasjonale interesser sjølv om det er ei lokal sak. Det er snakk ein av dei reinaste fjordane vi har, og som det er planar om å øydelegge. Denne saka er for viktig til at vi ikkje vil kjempe ein kamp mot planane.

– Eg er flau

Nestleiar i Naustdal SV og leiar i vevring grendalag Ole Erik Thingnes er ikkje stolt av kollegane sine i dag.

– Eg er ikkje overraska, men eg er litt flau på fylkespolitikarane sine vegner, seier han.