Hopp til innhold

Nøtteliten sit ikkje i toppen av eit tre

VASSENDEN (NRK): I fleire år har Aslaug Kjøsnes hatt besøk av ein som elskar nøtter. Ho har lagt ut mengder med nøtter på ulike stader i hagen, og dei forsvinn etter kvart.

 I fleire år har Aslaug Kjøsnes hatt besøk av ein som elskar nøtter. Ho har lagt ut mengder med nøtter på ulike stader i hagen, og dei forsvinn etter kvart.

DEILIGE NØTTER: Nøtteliten er kjapp med å hente nøttene som blir lagt fram. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

Det har vore ekorn i hagen til Aslaug på Vassenden i Jølster i tre-fire år. Men ikkje før no har ho fått nærkontakt med ekornet.

– Eg tykkjer det er kjekt, det er så artig å sjå på dei.

Ekornet er nemleg vorte svært så husvarm. Aslaug legg ut nøtter oppe i treet og på stabburstrappa på faste stader. Men nøttene må vere med skallet på, elles tek berre fuglane det. Dessutan likar ekornet dei uknekte best.

Astrid set seg til å vente. Men ekornet lar vente på seg. Det dukka ikkje opp den fyrste dagen NRK er på besøk. For den er mest aktiv på morgonen og kvelden. Midt på dagen, kviler den i hiet sitt.

Kallar den Nøtteliten

Ekorn

Ekornet er mest aktivt på morgonen og kvelden. Den finn nøtter på stabburstrappa til Aslaug

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Aslaug kan sitje inne i stova og sjå ut på hagen, så ho har full kontroll. Ho har vorte så glad i krabaten at den har fått namn.

– Eg veit ikkje om det er jente eller gut, så eg kallar den berre for Nøtteliten.

Og namnet ber han med rette. Nesten same kor mykje ho legg ut av nøtter no på hausten, så forsvinn det i løpet av dagen. Han kan halde på og sanke i fleire timar.

No på hausten gøymer han dei fleste nøttene rundt omkring. Han grev dei til og med ned i plenen. Men somme gonger sit han på ein stubbe eller på stabburstrappa og gomlar i seg nøttene, fortel ho.

– Ofte utset eg hagearbeidet fordi han skal få ete i fred, ler Aslaug.

I 3-4 år har Aslaug Kjøsnes hatt besøk av ein som elskar nøtter. Ho har lagt ut mengder med nøtter på ulike stader i hagen, og dei forsvinn etterkvart. Men nøttene må vere med skal på.

VIDEO: Sjå Aslaug Kjøsnes få nærkontakt med Nøtteliten. Den et av handa hennar. Her kan du sjå heile Norge Rundt-innslaget. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

Annonserte etter nøtter

Viss ekornet ikkje finn fleire nøtter på dei faste plassane til Aslaug, så set han seg berre ned og ventar. Ein gong så kom han springande etter ho då det var slutt på nøttene i hagen.

– Eg tykte nesten han vart for nærgåande. Men kjem eg med nøtter, så ropar eg på han, og då kan han kome. Nøtteliten kan vere her i fleire timar i strekk.

Men det er ikkje lett å få tak i nøtter med skal på i butikkane. Det blir mest selt ved juletider. Så då gjekk Aslaug ut på Facebook med oppmodinga om at ho ynskte nøtter med skal på.

– Då fekk eg inn nøtter hos fleire av Facebookvenene, slik at eg kunne fortsetje med matinga.

Åt av handa

Nøtteliten

Nøtteliten et av handa til Aslaug Kjøsnes

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Då NRK var på besøk, var vi så heldige at ekornet kom heilt bort til Aslaug og åt av handa hennar. Det verka ikkje som om det brydde seg om kamera.

– Dette har aldri skjedd tidlegare, sjølv om eg merkar at Nøtteliten har kome nærare og nærare, seier ho.

Sjå Norge Rundt fredag kl. 19.30 på NRK 1