Hopp til innhold

Uviss framtid for tre bokhandlar

Tre bokhandlar i Sogn og Fjordane står i fare for å bli lagde ned etter at Notabene-kjeda har slått seg sjølv konkurs.

Notabene

BOKTRØBBEL: Tre Notabene-butikkar her i fylket kan bli råka som ein følgje av konkursen i Notabene.

Foto: notabene.no

Notabene har i dag butikkar i kjøpesentra i Måløy, Stryn og Sogndal.

I alt har Notabene 139 butikkar spreidd over heile landet med kring 1000 tilsette. Her i fylket kan konkursen råke eit titals tilsette.

Stort underskot

No har kjeda gått konkurs etter at banken har sagt opp finansavtalane til kjeda. Trass ei omsetnad på 660 millionar i 2011, kom Notabene ut med 15 millionar i minus.

– Dei tilsette, leiinga og eigarane av Notabene har gjort ein stor innsats dei siste åra for å betre lønsemda i bedrifta, men ein tøff marknad har ført til svekka omsetnad og resultat, seier styreleiar i Notabene, Christian Melby, til e24.no.

Vil ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med dei tre Notabene-butikkane i Sogn og Fjordane i dag, men ingen av dei ønskjer å seie noko om den dramatiske situasjonen som har oppstått.

– Vi har fått beskjed om å ikkje seie noko, er omkvedet, og butikkane syner til dagleg leiar for kjeda, Rune Nikolaisen.

– Krevjande marknad

– Det er dessverre ikkje mykje eg kan seie utover at det blir jobba med ei løysing. Butikkane er opne som vanleg i dag, seier Nicolaisen til NRK.

Notabene er ein av landets største bokhandlarkjeder og vart etablert så tidleg som i 1985.

– Dei siste åra har det vore ein krevjande marknad, seier Nicolaisen.