Hopp til innhold

Nortura utvidar for 30 millionar

Nedlegging av slakteanlegget i Ålesund gjer at Nortura-anlegget i Førde blir utvida med nær 30 millionar kroner.

Nortura sitt slakteri i Førde.

Nortura sitt anlegg i Førde blir utvida for nær 30 millionar kroner.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Anlegget i Ålesund vil etter alt å døme bli lagt ned på Nortura sitt styremøte den 28. oktober.

Etappevis utviding

I Førde må ny griseline og nye kjølerom vere på plass allereie innan utgangen av september neste år, fortel Eivind Fonn, fabrikksjef ved Nortura i Førde . Utvidinga skjer etappevis.

- Det som går på kjølekapasitet og oppgradering av griseline, må vere gjennomført til 1. september 2010. Det er ikkje realistist å tru at vi klarer å utvide storfefjøsen til den tid, men arbeidet vil truleg starte så fort ein får avgjerd om Ålseund, seier han.

Legg ned tre

Nortura-konsernet har starta ein omfattande effektiviseringsprosess etter store underskot den siste tida. Som ledd i ei omfattande innsparingspakke, blir slakteanlegga i Sortland, Ålesund og Haugesund etter alt å døme lagt ned.

Uvidinga i Førde vil auke storfeslaktinga med 30 prosent, medan grisevolumet blir nesten dobla som følgje av den nye griselina. Volumet for storfe blir uendra.

- Eit framtidsanlegg

I dag er det kring 140 årsverk ved anlegget. Dette vil truleg auke til 160 når anlegget i Ålesund er lagt ned. Fonn seier at det ikkje er tvil om at anlegget i Førde er eit som Nortura-leiinga vil satse på.

- Det er ingen tvil om at Førde er eit framtidsanlegg som blir satsa på, seier han.