Administrerande direktør i Norsun, Jon Hindar.
Foto: Photocure– Det har gått litt seinare enn vi kunne ønske, men no har vi nådd ein viktig milepæl, seier administrerande direktør Jon Hindar.
- Les óg:
Store tap i 2008 og 2009
Konsernet Norsun har tapt 760 millionar dei siste åra. Sjølv om størstedelen skriv seg frå ei feilinvestering i Tyskland, so har dårleg lønsemd i Årdal vore ein viktig faktor.
No peikar pila endeleg oppover.
– Me tente pengar på drifta. Det var ein viktig målsetning for oss, etter ein noko plundrete start. Det er viktig for oss å visa at det er liv laga for verksemda der óg, seier Hindar.
Har ingen planar om å kutte
Norsun blei saman med dørfabrikken Dooria etablert som erstatning for arbeidsplassane som gjekk tapt då hjørnesteinsverksemda Hydro kutta kraftig i arbeidsstokken.
Hindar forstår at folk kan bli urolege etter at Dooria nyleg la inn årene og det er kjent at andre solcelleprodusentar her i landet no permitterer.
– Eg skjønar at ein blir bekymra når ein ser rundt seg og ser på utviklinga i industrien generelt og permitteringar blant våre bransjekollegaer i Noreg, eg har ikkje vanskeleg for å forstå at det kan skapa uro, seier han.
– Men me har ingen planar om å gå den vegen, legg han til.
Ordføraren letta over utviklinga
– Me ser at med den infrastrukturen og bemanninga som allereie er i Årdal, so kan me auka kapasiteten vesentleg dei neste åra, noko som me kjem til å gjera.
I Årdal er ordførar Arild Ingar Lægreid (AP) letta over at Norsun ser ut til å klare seg bra.
– Denne bedrifta har demt opp for dei kutta Hydro har drive med dei siste åra, so det er ei særs viktig bedrift for Årdal, seier ein letta ordførar.