Hopp til innhold

Ny framtid - tung motbakke

Verksemdene som skal gjere Årdal-samfunnet mindre avhengig av Hydro, slit økonomisk.

Opninga av NorSun-fabrikken i Årdal

OPNINGA: Kronprinsparet stod for den offisielle opninga av Norsun-fabrikken.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Norsun på Årdalstangen

FABRIKK: Norsun sine lokaler på Årdalstangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Dooria Årdal

FABRIKK: Dooria-fabrikken på Årdalstangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dørfabrikken Dooria permiterte nyleg tilsette på årdalsfabrikken, og solcellefabrikken Norsun har tapt millionar.

Vanskeleg start

– Vi har hatt til dels monalege driftstap knytt til fabrikken i Årdal heilt sidan oppstarten. Slik sett er det heilt openbert at etableringa av fabrikken ikkje har gått like raskt og smertefritt som vi hadde planlagt. vedgår administrerande direktør Jon Hindar i Norsun.

Fekk omstillingsmidlar

Norsun og Dooria etablerte seg i Årdal med mykje økonomisk drahjelp frå det offentlege. Etableringane skulle gi arbeid til folk som måtte slutte då hjørnesteinsverksemda Hydro Aluminium kutta kraftig i arbeidsstokken. Men no slit begge dei nye fabrikkane økonomisk.

Tapte 760 mill.

Konsernet Norsun har, ifølgje Dagens Næringsliv, hatt eit oppsamla tap på 760 millionar kroner dei siste tre åra. Størstedelen av tapet har kome grunna ei feilslått investering i Tyskland, men Hindar vedgår at ein ikkje ubetydeleg del av dei 760 millionane skriv seg frå dårleg lønnsemd ved Norsun sin fabrikk i Årdal.

– Mykje av dette er knytt til at vi har hatt mykje problem med utstyret som er levert til fabrikken. I deler av produksjonen kom vi ikkje i gang med salet så raskt som vi hadde håpa på. Det andre er at vi som alle andre i vår bransje vart trefte av eit veldig prisfall i 2009 på bortimot 50 prosent, utdjupar Hindar.

Sikre jobbar - inn i neste år

Norsun-sjefen seier likevel at dei rundt 200 arbeidsplassane ved NorSun er sikra inntil vidare.

– Ut dette året og inn neste år vil vi produsere så mykje vi kan i Årdal, så dette får ikkje nokon konsekvensar for bemanninga.

Såleis er dei vel 200 arbeidsplassane på NorSun sikra inntil vidare.

Permitterer frå 1. august

Hos Dooria er stoda verre. Her permitterte ein fire av dei 41 tilsette frå 1.august. Ved oppstarten i 2007 hadde fabrikken kring 60 arbeidsplassar.

Administrerande direktør Harald Husabø fortel til NRK at verksemda må permittere grunna sterk uvisse i marknaden framover, men vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

Hovudselskapet Dooria AS hadde eit underskot på drygt 29 millionar kroner i 2008, og dotterselskapet Dooria Årdal AS hadde her minus 1,7 millioner kroner.

I Ei kredittvurdering av hovudselskapet vurderte Lindorff ved utgangen av 2009 at alt sal på kreditt til Dooria AS bør sikrast. Berre to år tidlegare hadde selskapet høgast mogleg kredittverdi.

Trur på ny eigar

Styreleiar i Årdal utvikling, Aril Ingar Lægreid, trur Dooria kjem til snu den negative økonomiske utviklinga

– No har Doria fått inn ny eigar og ny kapital. Marknaden er ikkje enkel, men eg vil tru at Doria vil klare å snu dette og auke talet på tilsette når eit år eller to har gått.

Den nye eigaren, Credo partners, har spytta inn 60 millionar kroner i Dooria. Lægreid er likevel klar på at marknadssituasjonen er dyster for både Dooria og Norsun nett no.

– Framtida ser relativt lys ut

– Det er ikkje noko enkelt marked i dag når ein ser på det som skjer i mange land i europa. Nett no er det ikkje lyse framsiktsutsikter. Men ein må berre jobbe vidare og rekne med at dette snur. Ting går opp og ned, seier Lægreid.

Og i NorSun har Jan Hindar tru på at ein skal komme over den økonomiske bøygen.

– I inneverande år planlegg vi å få positiv kontantstraum frå drifta, og det ser så langt ut til at vi skal få til dette. Inn i neste år ser det også vesentleg betre ut. Så vi ser relativt lyst på framtida. Vi greier å redusere kostnadene våre vesentleg, seier Hindar til NRK.