Natt til torsdag har ein kunne sjå nordlys over Hordaland.
Janne Maj Nagelsen frå Stamnes i Vaksdal fekk fotografert det spesielle lyset i Gammersvik klokka fire i natt.
– Eg gjekk ut då eg såg det byrja kring 23.20 i går, og stod ein times tid og såg på før eg gjekk inn og la meg.
Men det var ikkje lenge Nagelsen klarte å halde seg unna, før ho måtte ut igjen og studere lyset.
– I firetida stod eg opp att og køyrde innover Gammersvik der eg i firetida tok biletet over. Det var fantastisk, fortel ho.
LES OGSÅ:
– Magisk
Fyrste gong ho såg nordlys i Hordaland var i 2012. Stemninga dette set ein i er heilt spesiell, seier Nagelsen.
– Det er veldig spesielt. For oss i sør Norge som ikkje ser det så ofte, er det magisk.
– Det blir ein lang dag i dag sidan eg ikkje fekk så mykje søvn i natt, men det var verdt det, seier ho.
SAMLESIDE: Les meir om nordlyset