Hopp til innhold

Nor Tekstil gjekk med 36 mill. i overskot

Nor Tekstil-konsernet i Florø omsette i fjor for nær 800 millionar kroner, og sat att med eit overskot på 36 millionar kroner.

Leif Gunnar Belsvik/Nor Tekstil

NØGD: Leif Gunnar Belsvik er godt nøgd med det Nor Tekstil-konsernet har fått til dei siste åra.

Foto: Nor Tekstil

Konsernet driv i dag 19 industrivaskeri over heile landet, og er den leiande leverandøren av reint tøy til reiseliv, skipsfart og oljebransjen.

Konsernsjef Leif Gunnar Belsvik forsikrar at Florø ikkje berre er, men også skal vere hovudbasen for suksessbedrifta.

– Florø har ein veldig god infrastruktur på flysida, det er ein by der vi høyrer heime og det er her vi har bygd opp aktiviteten vår. Så vi føler at det er naturleg at vi er her, seier Belsvik til NRK.no.

Har investert ein halv milliard

Det som starta i det små som eit vaskeri i kystbyen, er no eit konsern som berre dei tre siste åra har investert over ein halv milliard kroner i vaskeriteknologi over heile landet.

I 2013 omsette dei for om lag 800 millionar kroner, og sat att med eit overskot på 36 millionar kroner.

Nær 1000 tilsette rundt om i landet leverer i dag sengetøy og andre tekstilar til alt frå hotell til oljeplattformer.

– Vi har hatt ei veldig god utvikling dei siste eigentleg ti åra. Vi har bygd stein på stein og har blitt ein nasjonal aktør.

– Vi er no marknadsleiande i det norske tekstilmarknaden og vi er godt nøgde med at vi har fått den posisjonen, og at vi greier utvikle oss vidare, seier Belsvik.

Håpar i det lengste

Ein av dei største kundane til Nor Tekstil er Statoil. Olje- og gassgiganten har varsla at dei ikkje lenger vil kjøpe basetenester i Florø, noko som også vil få følgjer for Nor Tekstil og deira tilsette på vaskeriavdelinga i Florø.

– Vi er veldig spente på utfallet i denne saka, og det er naturleg nok mange arbeidsplassar som kan bli råka av dette. Dette er noko vi har med oss i bakhovudet, fortel Belsvik.

Han håpar likevel i det lengste at Statoil skal snu.

– Det er vemodig. Saman med andre bedrifter i Florø jobbar vi for å prøve påverke Statoil, og for å sjå korleis vi kan få deira aktivitet til å halde fram, seier Belsvik.