Hopp til innhold

Ny hektisk natt for politiet – klarte ikkje svara alle som ringde inn

Meldingane om feststøy hagla inn til politiet etter nok ei høglydt natt i fadderveka.

Nygårdsparken dagen etter fadderukefest

NYGÅRDSPARKEN: Tysdag kveld var store folkemengder samla i Nygårdsparken. Slik såg det ut i parken onsdag morgon.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Politiet over store delar av landet har i natt måtta gripe inn og avslutta festar både utandørs og i private bustadar på grunn av bråk.

I Trondheim og Bergen har ikkje operasjonssentralen hatt kapasitet til å svara på alle telefonar og oppdrag.

– Det er studentfestar som har utløyst desse meldingane. Det er såpass mange tilfelle at vi ikkje har klart å rekke over alle, fortel operasjonsleiar Roger Mogstad i Trøndelag politidistrikt.

– Folk er leie og oppgitte

Frå seint tysdag kveld til klokka 02 i natt tok Vest politidistrikt imot 29 meldingar om feststøy og høg musikk.

28 av meldingane stamma frå Bergen sentrum, dei fleste frå eit nokså konsentrert område.

– Stemninga er god. Ulempa er at dei som er ferdige med studietida er leie og oppgitte, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Verst gjekk det utover bebuarane på Nygårdshøyden og Møhlenpris. Som natt til tysdag, var det også i natt samla store folkemengder i Nygårdsparken.

Fadderveke i Bergen

NYGÅRDSPARKEN: Tysdag kveld var store folkemengder samla i Nygårdsparken. Det var frå området rundt Nygårdshøyden og Møhlenpris i Bergen dei fleste meldingane til politiet kom inn.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Klarte ikkje svara alle

Operasjonssentralen hadde ikkje kapasitet til å svara alle som har ringt inn.

– Dei fleste klagar på skrik og skrål i gatene og høg musikk frå festing. Det er boom-boom-musikk, og ikkje akkurat slow. Me har køyrd på med det me har av ressursar, men politiet må også prioritera andre oppdrag.

På eit tidspunkt fekk politiet inn mange meldingar om ein fest i ei gate på Nygårdshøyden.

– Då me kom fram viste det seg at det var tre festar i same gate, så då tok me mange i eitt jafs.

Alle tilfella blei løyst ved at festverten fekk eit munnleg pålegg om å avslutta festen.

Politiet i Trøndelag har i natt fått til saman 42 meldingar om festbråk og forstyrringar.

Dei fleste meldingane er i Trondheim, der faddervekene for studentar er i gang for fullt. Bebuarar som skal ha ein vanleg kvardag klagar på at dei blir haldne vakne, og ber politiet om bistand.

– Me har gjort så godt me kan, og avslutta ein del festar, seier operasjonsleiar Mogstad.

Også innbyggarar i Oslo forsøkte fånyttes å ringa operasjonssentralen. Anropsloggen til ein NRK-tipsar syner at vedkomande prøvde å ringa 02800 ni gongar utan å koma gjennom.

Køyrde bil inn i Frognerparken

Ein mann tidleg i tjueåra blei fråteken førarkortet etter å ha køyrt bil inne i Frognerparken i Oslo tysdag kveld. Det pågjekk eit fadderarrangement i parken.

Politiet rykka ut etter at fleire melde frå høg fart og uansvarleg køyring. Oslo-politiet har oppretta sak på hendinga som kom inn 23.11.

– Eg har ingen tal på den høge hastigheita, men det er meldingar frå publikum om at det er køyrt for fort, seier operasjonsleiar Tor Gulbrandsen til NTB.

I Nygårdsparken i Bergen patruljerte politiet området, men opplevde at dei fleste oppførte seg.

– Politiet har hatt patruljar i parken som eit dempande tiltak, for å dempa den kraftigaste musikken. Det har ikkje vore naudsynt å jaga vekk nokon, bortsett frå éin person som ikkje retta seg etter politiet sine instruksar, seier Hellesund.

Politiet er isolert sett godt nøgde med oppførselen til studentane. Det er ikkje meldt om valdsepisodar eller andre alvorlege hendingar.

Jugendbyen, Ålesund

SUNNMØRE: Politiet fekk melding om høglydt festing både i Ålesund og Volda i natt.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Prøvde å ta seg inn i feil leilegheit

Også i Ålesund og Volda har det vore mykje støy som forstyrra natteroa.

Mellom klokka 23:00 og 02:00 måtte politiet be personar på seks ulike adresser om å dempe seg eller avslutte festen.

Ein mann i 20-åra prøvde å bryte seg inn i ei leilegheit i Ålesund rundt midnatt. Han hadde mista oversikta over kvar han budde. Det enda med at politiet køyrde han til fyllearresten.

Også i Sogndal var patruljen ute. Over hundre personar var samla utandørs til eit fadderarrangement. Etter kvart fekk politiet sendt alle heimover.

Her vil politiet følga opp med fadderstyret på dagtid onsdag.

Laster Twitter-innhold

Skrik og hyl frå «amorøst par»

Like over klokka 02.30 fekk politiet meldingar om at ei mengd menneske var samla i eit skogsområde ved Fantoft stavkyrkje. Politiet avslutta festen.

I forkant av dette kom det meldingar om «hyl og rare skrik» frå Fridalen i Bergen. Patruljar søkte i området på leit etter nokon i naud, men fann ingen.

Etter kvart kom dei i kontakt med eit «amorøst par» i eit parkområde som antyda at dei kunne stå bak.

Klokka 02.30 var det heilt stopp i anropsloggen til operasjonssentralen.

– Det var som om nokon skrudde av ein brytar.