Hopp til innhold

I kveld kjem denne trakkemaskina til å gå for fullt

Onsdag kveld startar dei trakkemaskina på Sogn Skisenter. Ved Harpefossen Skisenter håpar dei å kunne opne øvste traseen sin allereie i helga – iallfall viss snøen held fram med å snøe ned.

Tråkkemaskin Sogn Skisenter

I GANG: Tore Heggestad er klar med trakkemaskina på Heggmyrane.

Foto: Øystein Veum

– I dag byrjar me å trø ned den snøen som er kommen på Heggmyrane. Det varierer litt frå topp til botn kor mykje som er komme, men det er komme 15–20 centimeter nede i bakken, seier styreleiar i Sogn Skisenter, Øystein Veum.

At meteorologen melder om kjøligare vêr og litt meir nedbør, er godt nytt for dei som driv skisenter. Spesielt kulde står høgt på ønskjelista, slik at ein også kan produsere kunstig snø.

– Alt av slangar ligg klart. No ventar me berre på kaldare vêr. Me har tre mann klare til å rykkje ut så snart tilhøva er ideelle, seier Veum.

Ved Sogn Skisenter produserer dei den finaste kunstsnøen når temperaturen ligg rundt fem minusgrader.

– Viss me produserer rundt minus fem og kaldare, så får me den beste snøen, seier Veum.

All snø er god snø

At dei no har fått ein naturleg sole i botn, er av stor betydning for skisentera.

– All snø betyr mykje for oss no. Folk ringjer og mailar oss ned, for dei er skikkeleg klar til å starte sesongen og komme seg ut på ski. Det er godt å komme i gang. Både vaksne og unge er rimeleg på hogget for å komme seg ut på ski, seier Veum.

Med atterhald om kva krumspring vêrgudane kan finne på kommande veke, er Veum optimistisk med tanke på å opne skitrekket neste helg.

– Viss meldingane slår til, og me får laga den snøen me vil i helga, så håpar me å få til noko neste helg. Men me må berre ta det vêret me får, og det er vêrgudane som bestemmer, seier Veum.

Men langrennsgruppa til Hafslo IL, som eigentleg skal ha barmarkstrening i kveld, kan gle seg. Dei kan ta med seg ski på trening.

– Det blir trakka litt i kveld, slik at dei kan få på seg ski og trene på snø, seier Veum.

Men det blir ikkje sett noko meir spor endå, det er det ikkje tilhøve til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heggmyrane

DALAR NED: Slik ser det ut på Sogn Skisenter onsdag ettermiddag.

Foto: webkamera / Sogn Skisenter

Treng meir snø nederst i anlegget

Også på Harpefossen Skisenter snøar det i dag, men det er førebels ikkje nok til å sende ut trakkemaskina.

– Det er litt for lite, men me kryssar fingrar for at det ordnar seg snart, seier dagleg leiar på Harpefossen, Robert Engeland.

Men anlegget deira heilt øvst, i Furuhogane, har fått eit greitt lag med snø. Går alt etter planen, opnar dette anlegget allereie til helga.

– Det ligg såpass høgt at dei får ein del meir snø når det kjem nedbør. Meldingane er gode, så vi får tru det legg seg der det skal, seier Engeland.

Han legg til at det trengst ein god halvmeter for at det skal monne litt lenger nede i bakken.

– Men alt hjelper, seier Engeland.

Har bygd ut snøanlegget

Sogn Skisenter investerte i haust i utstyr for mellom 500.000 og 600.000 kroner for å sikre kunstsnøproduksjon i barnetrekket.

– I haust sette me i gang med å vidareutvikle snøanlegget vårt. Me har bygd 600 meter med nytt snøanlegg i barne- og parkområdet for å sikre gode forhold der heile sesongen, seier Veum.

Anlegget har dermed 900 meter med snøanlegg i hovudbakken, i tillegg til dei 600 metrane i barneanlegget.

– Så lenge me har god tilgang på vatn, og bra forhold, så kan me leggje snø både i hovudbakke og barneanlegg i helga, seier Veum.

Rosar dugnadsinnsatsen

Dette vil også komme dei som likar å trikse på snø, til gode.

– Mange av ungdommane er veldig aktive i det området. Då kan me leggje snø i forhold til å byggje element og hopp. Då slepp me å skubbe så mykje snø, men kan leggje han der me vil, seier Veum.

Han rosar den enorme dugnadsinnsatsen som ligg til grunn for heile eksistensen til skianlegget.

– Me har fantastiske folk med oss. Folk stiller opp på kveld, natt og helg, både for å dra slangar og lagar snø. Det er berre å ta av seg hatten for dei som står på for anlegget, seier Veum.