Hopp til innhold

Desse tre stod klare då skibakken opna

Fredrik Solnes Dahle, Marcus Skjerven og Jonas Kristoffersen var dei tre første i bakken då Sogn skisenter opna laurdag.

Stod klare

KLARE FOR NY SESONG: F.v. Fredrik Solnes Dahle, Marcus Skjerven og Jonas Kristoffersen.

Foto: Øystein Veum

– Det var bra med folk laurdag, sjølv om det var kaldt, fortel styreleiar i Sogn skisenter på Hafslo, Øystein Veum.

Produksjonen av snø i anlegget på Heggmyrane har gått for fullt for å utnytte kuldeperioden førre veke. Og det kunne folk i Sogn nyte godt av i helga. Nokon tok endåtil vegen frå Sunnfjord.

– Vi hadde til og med ein familie som kom heile vegen frå Askvoll og var klare til å stå på ski då vi opna laurdag, seier Veum.

Ønskjer seg snø og kulde

Også søndag var det bra med folk i anlegget, sjølv om det ikkje er opna lenger opp enn til den tiande masta.

– Det har vore mange glade fjes i dag. Det er tydeleg at folk tykkjer det er godt å få ski på beina att, og få starta sesongen, seier Veum.

Også på Harpefossen skisenter i Nordfjord har dei hatt ei god helg, sjølv om også dei ønskjer seg meir snø.

– Vi produserte for fullt fram til laurdag, og så har vi eit parti der vi har drive og preparert i dag. Men folk har kosa seg i den delen av anlegget som er ope, seier dagleg leiar John-Willy Kvarsvik.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Skientusiastane jublar. Nokon stader er det snø, og der det ikkje er, kan snøkanonene no startast.

PRODUSERER: Snøkanonane går for fullt både i Sogn og i Nordfjord.

Nesten påskestemning

Minus ei grad og glimt av sol gav nesten påskestemning i bakken.

– Forholda har vore gode for dei som har stått på ski, og det har vore ein flott vinterdag, seier Kvarsvik.

Ved Harpefossen tek dei til att med snøproduksjon i kveld, og produserer vel 5000 kubikk med snø i døgnet.

– Får vi kulde komande veke, så skal vi ha lagt snø i det arealet vi kan produsere i, seier Kvarsvik.

Også i Sogn tek dei til att med snøproduksjon når anlegget stengjer.

– Vi ønskjer spesielt å få barneanlegget opp å gå så raskt som råd. Går alt etter planen, er det truleg ope tysdag, seier Veum.

Heggmyrane

FRISKT: Utsikt frå bakken i Sogn skisenter.

Foto: Øystein Veum