Hopp til innhold

No skal skulpturen avdukast

Med heile landslagseliten til stades skal skulpturen av Odd-Bjørn Hjelmeset avdukast laurdag føremiddag. – Dette blir spanande, seier hovudpersonen sjølv.

Odd-Bjørn Hjelmeset

Odd-Bjørn Hjelmeset framfor den uavduka statuen av seg sjølv.

Foto: Alf Vidar Snæland

Laurdag skal statuen avdukast ved Gloppen Hotell, og det er knytt mykje spenning til korleis den vil sjå ut.

– Spanande

– Det blir spanande å sjå korleis den ser ut. Den står under nokre presenningar her borte, og det har vore mange diskusjonar om korleis den ser ut, so det blir morosamt å endeleg få sjå den, seier Hjelmeset.

Morten Aa Djupvik

Morten Aa Djupvik

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Landslaga i langrenn er no på treningssamling i Gloppen fram til fyrste juli, og i samband med det vil heile skieliten i Noreg vere samla når Hjelmeset-skulpturen blir avduka. Det er Stig Eikaas som har laga skulpturen av skihelten.

Det har vore knytt mykje spenning til korleis den ser ut, og no skal det endeleg avslørast.

– Eg håpar Marit Bjørgen får æra av å vere med på kle av Odd-Bjørn, seier ein lattermild Morten Aa Djupvik.

Landslagseliten på besøk

Fram til fyrste juli skal skilandslaga trene i Gloppen. Allround-herrar-landslaget og damelaget kom torsdag, og sundag kjem sprintlandslaget.

– Eg vil syna dei kor fint det er å trena i Sandane. Det er moro å få landslaga hit til distriktet, seier Hjelmeset.