Odd-Bjørn Hjelmeset blir 40 år i desember, og kunstnar Stig Eikaas meiner difor det no er på høg tid at skistjerna får sin fortente plass på sokkel i heimkommunen Gloppen.
Ideen fekk han då redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov, på leiarplass meinte at Odd-Bjørn fortente ein statue. No er kunstnaren klar til å avduke skulpturen, det skal skje med hovudpersonen sjølv til stades den 25. juni.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ;
«Vi har den same krafta og energien»
Kunstnaren, som har base både i Oslo og Hyen, ser klare parallellar mellom seg sjølv og milslukaren frå Vereide.
HYLLEST: Kunstanr Stig Eikaas hyller Odd-Bjørn Hjelmeset med ein skulptur i stål
Foto: NRK– Når det gjeld energi, kraft og haldninga til livet er vi like, meiner Eikaas.
Dessutan kjenner han seg godt igjen i Hjelmeset si positive innstilling til livet og det å måtte jobbe hardt for å nå måla sine.
Kunstnanen har dessutan bite seg merke i skiløparen sine japankunskaper, som no ligg ute på YouTube.
– Eg synst dessutan det er morsomt med desse tynne beina og armane, som går oppover og nedover. Han går av og til som ei kråke, seier Eikaas.
Kunstnaren er dessutan imponert over resultata Hjelmeset har oppnådd, ikkje minst VM-gullet i Sapporo i 2007.
Veit ikkje enno kvar statuen skal stå
Statuen av skiløparen Odd-Bjørn Hjelmeset skal avdukast den 25. juni, men kunstnaren veit enno ikkje kvar den skal plasserast.
– Den kan stå kvar som helst for meg, dette er det kommunen som bestemmer, seier kunstanaren sjølv.
Leiar i Fjellug/Vereide, Sigmund Vereide, er begeistra over skulpturen og seier til lokalavisa Firda Tidend at den bør stå på ein plass der den er godt synleg.
Stig Eikaas har allereie ein eigen skulpturpark på Byrkjelo og ordføraren i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner difor det er naturleg at Odd-Bjørn i full storleik blir ståande der.
Dersom skulpturen skal stå i sentrum, må det vurderast opp mot andre kunstverk seier ordføraren.
SKULPTURPARK: Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen vil at skulpturen av Odd-Bjørn skal stå på Byrkjelo.
Foto: Eline Buvarp Årdal / NRKEikaas har også fått e-post frå skilhelten, som gler seg til å kome til heimbygda i juni. Dette blir topp, skriv Hjelmeset i følgje kunstnaren.
Eg vil ikkje presse noko på nokon, men eg trur det er mange som synst det er morsomt at Odd-Bjørn no kjem på sokkel, avsluttar Eikaas.