Hopp til innhold

No skal oteren teljast

No skal det teljast kor mange otrar det finns i Sogn og Fjordane. Ein av grunnane er at den tek mykje villaks.

Oter

Oteren skal no teljast i Sogn og Fjordane.

Foto: AFP / Gabriel Bouys / AFP

Det er Artsdatabanken som skal starte prosjektet etter eit initiativ frå Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane.

Dei ønskjer å få ein betre oversikt over kor mykje oter det finns i Sogn og Fjordane.

Vil vurdere å søkje om lisensjakt

Svein Arne Forfod, som er fagleiar for fisk, seier at dei vil vurdere å søkje om lisensjakt om det viser seg at det er mykje oter.

– Oteren er raudlista, det vil seie at det er ein truga art og dermed freda. Men vi som går langs vassdraga oppfattar ikkje situasjonen slik, seier han.

For folk i lokalaget har sett mykje oter mellom anna i Dalsfjorden, i Flekkeleva og i Daleelva i Høyanger.

– Ein lystmordar

Forfod seier at oteren gjer stor skade ved at den drep mykje laks i til dømes laksetrapper i elvane.

– Det er ein lystmordar som ikkje et opp alt den tek, men gøymer unna. Den gjer også eit innhogg i merdene ved oppdrettsanlegg.

Forfor meiner at oteren fangar så mykje fisk at det går ut over villaksstammen og sjøauren.

– Oteren har lenge vore ein truga art, men blir det for mange av den tek den for mykje fisk. Difor må vi no sjå på om oterbestanden bør reduserast.

Lokallaget oppmodar difor grunneierlag, elveeierlag, oppdrettsnæring og andre om å bli med på registreringa.