Hopp til innhold

Einaste fylke utan incestsenter

Førde kommune tek seg ikkje råd.

Overgrep
Foto: "Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no"

Å etablere seg i Førde vil vere det einaste riktige geografisk, meiner incest-senteret i Hordaland.

Til det treng dei 50 tusen kroner av kommunen, men rådmannen seier nei.

Nils Gjerland

Ordførar Nils Gjerland

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Eg orka ikkje leve med skammen

Rådmannen negativ

- Vi har fått signal på at rådmannen i Førde kommune har vendt tommelen ned for eit senter i Førde. Men det er mange som treng eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane, seier Bente Bartz-Johannessen, dagleg på Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland.

Ho seier Barne-, ungdoms- og familieetaten, BUFDIR, står klar til å gå inn med midlar om kommunen stiller 50 000 kroner i oppstartsmidlar.

Mange som treng hjelp

- Vi meiner det er rett å plassere eit senter i Førde ut frå geografiske omsyn. I Hordaland slit vi med same geografien, og ser at det er viktig at eit senter ligg slik at dei fleste kan nå det ved å ta offentleg transport. Då er Førde eit naturleg val i Sogn og Fjordane, meiner Bartz-Johannessen.

Ho fortel at dei opplever å få mange telefonar frå folk i Sogn og Fjordane som treng hjelp.

- I tillegg til telefonane vi får, er det fleire som reiser frå Sogn og Fjordane til Bergen for å få hjelp på senteret hjå oss. Det viser at det er eit behov, seier Bartz-Johannessen.

Saka opp i formannskapet

Rådet frå rådmannen i Førde er altså å ikkje løyve pengane som skal til for at senteret kan kome i gang med arbeidet. Saka skal opp i formannskapet i Førde kommune 10.desember. Veka etter skal den opp i bystyret for endeleg vedtak. Ordførar Nils Gjerland vil ikkje seie noko om kva han kjem til å stemme for.

- Det er mange som søkjer om å få midlar til ulike prosjekt. I denne saka har ikkje rådmannen funne pengar til eit senter, og det spørs om vi vil klare å finne pengane når vi skal ha møte i formannskapet, seier Gjerland.

- 50 000 kroner treng senteret. Kva tenkjer du om summen?

- Det kan jo verke som ein liten sum. Men gjev vi til den eine vil vi måtte gje til fleire, og slik er det.

Ordføraren meiner saka heller burde ligg på bordet til fylkeskommunen.

- Det ville vore naturleg at fylkeskommunen var med og bidrog i eit slikt prosjekt.

- Vil du ta saka vidare til dei?

- No vil eg først sjå kva vi gjer i kommunen, så får vi sjå, seier han.

Skamfulle

I følgje tal Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordalan sit på er mellom 60 og 80 prosent av dei som er innlagt på psykiatriske klinikkar i landet utsett for overgrep på ein eller annan måte.


- I tillegg veit vi at omlag 30 prosent av desse slite med suicidale tankar. Overgrep tek så stor plass i livet til den som er utsett, og føre svært ofte til langvarige vanskar, seier senterleiaren.

Leiaren meiner det er feil at dei som er utsett skal behandlast i psykiatrien som sjuke menneske.

- Dei som er utsett er ikkje sjuke. Det er ei sjuk handling dei er utsette for, men dei sjølve er ikkje sjuke. Det er viktig for å byggje opp sjølvkjensla til den enkelte, og for at dei skal forstå at det ikkje er dei det er noko gale med, seier Bartz-Johannessen.