Hopp til innhold

No kan sommarskisenteret opne

Telenor har endeleg fått på plass mobildekning på Strynefjellet, og sommarskisenteret planlegg opning i neste veke.

Stryn Sommarski - heisen

DET MESTE ER KLART: Berre rasfare kan utsette opninga av sommarskisenteret.

Foto: NRK

Området har lenge vore utan mobildekning fordi ein sendar på Videseter vart teken ned. Vi har endeleg kome i mål, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

– Vi er veldig glade for at vi har klart å få dette til, og at vi greier det ei veke før opninga, det er bra.

Fordi eigarane av Videseter Hotell kravde ein basestasjon på hotellet sitt område fjerna, har Stryn Sommarski lenge vore utan mobildekning.

Amundsen 12

KLARSIGNAL FOR STRYN SOMMARSKI: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Satsar på opning 24. mai

Av tryggleiksomsyn må ein ha mobildekning på plass, og det har difor vore usikkert om sommarskisenteret kunne opne som planlagt i slutten av neste veke. Ola Flo, dagleg leiar ved Stryn sommarski, er letta.

– Vi er veldig glade for det. Vi takkar sjølvsagt Telenor og Stryn kommune for ein godt utført jobb. Vi jobbar no vidare med tanke på opning av sommarskisenteret den 24. mai.

Mobildekninga på Strynefjellet er ei mellombels løysing som verkar ved hjelp av straum frå aggregata på sommarskisenteret, seier Bjørn Amundsen.

– Det vi har gjort er å etablere den med ein repeater og litt andre antenner og anna utstyr der oppe, og så har vi greidd å få eit innsignal frå ein annan basestasjon enn den som var på Videseter.

Rasfare på vegen kan utsette opninga

Men mobildekninga er ikkje den einaste brikken som må på plass før Stryn sommarski kan opne for sesongen. Mykje snø kan føre til at opninga må utsetjast, seier Ola Flo.

– Vegvesenet greier nok å opne vegen opp til Tystigen, men det må gjerast ei vurdering av rasfaren på siste stykket opp mot skisenteret.

Stryn sommarski

MOBILDEKNINGA PÅ PLASS: Stryn sommarskisenter.

Foto: NRK