Hopp til innhold

Permanent mobildekning på vent

Telenor klarer ikkje å få på plass ein ny permanent mobilsendar på Videseter på Strynefjellet før neste sommar.

Videseter

MÅ VENTE: Permanent mobilmast og mobildekning på Strynefjellet må vente.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Eigarane av Videseter hotell sa i sommar opp avtalen med Telenor, noko som råkar Stryn sommarskisenter hardt.

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, møtte i dag representantar frå politi, hotellet, kraftleverandør og kommune for å sjå på ulike alternativ. Han seier stemninga var konstruktiv.

Bjørn Amundsen i Telenor

PÅ VENT: Mobildirektør Bjørn Amundsen.

Foto: Telenor

– Men dersom vi skal klare å få gjort noko til sommaren 2012, då spesielt med tanke på Stryn sommarskisenter, så er vi nøydde til å få til ei mellombels løysing, seier Amundsen.

Har alternativ

Med hausten like om hjørnet og behov for både å finne løysingane og søkje om byggjeløyve, er Amundsen klar på at dei treng lengre tid til å få på plass ei permanent løysing.

Dekningsdirektøren fortel at dei har to alternativ både til permanent og mellombels løysing.

– Men det må byggjemeldast og så må vi bli samde om korleis vi får ført kraft fram, samt må ein finne ut kven som skal betale det, seier han.

Video Mobilmast problem på Strynefjellet.

SJÅ TV-SAKA: Mobilmast-problem på Strynefjellet.