Hopp til innhold

Alrik vil prøve det meste – no får han sjansen

Frå 1. august kan vidaregåandeelevar ta så mange omval dei vil fram til det året dei fyller 19. Karriererettleiar trur det kan gjere at fleire tar uvanlege val.

Alrik Kleveland Dah foran Rothaugen skule i Bergen.

RETNINGSVAL: Snart legg Alrik ungdomsskulen bak seg. Kva som kjem etterpå er det ingen som veit endå.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Musikk, drama, medium og kommunikasjon, bygg og anlegg.

Alrik Kleveland Dahl (15) frå Bergen har vurdert det aller meste av linjer på vidaregåande.

– Eg følar eg søkar på universitet eller noko sånt. Det er greitt med val, men det er litt for mykje.

Dagar før søknadsfristen er han på mobilen og flikkar på søknaden – igjen.

– Når folk spør kva Alrik har søkt, pleier eg svare: «Denne veka har han søkt sånn, neste veke er det noko anna», seier mor Lena og flirer.

Alrik med foreldre i sofaen.

Lena og Odd Erik Kleveland Dahl slit med å halde seg oppdatert på korleis søknaden til sonen endrar seg. – Me har eit veddemål om kva det blir til slutt, fleiper Odd Erik.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Men frå og med fredag 1. mars er søknaden låst, og Alrik kan ikkje ombestemme seg.

Før til neste år. Og eventuelt året etter det igjen. Og året etter det.

For i den nye opplæringslova som gjeld frå 1. august, får elevar på vidaregåande lov til å søke seg til ein ny start på ei ny linje, så mange gonger dei vil fram til det året dei fyller 19.

«Elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til så mange omval dei ønskjer, innan søknadsfristen for inntak det kalenderåret dei fyller 19 år.»

Utdrag frå § 5-5 i den nye opplæringslova lovdata.no

– Det kan bety at fleire torer å ta eit val utanom det vanlege, seier karriererettleiar Tomas Iversen i Karriereveiledning.no.

Mange moglegheiter

Læraren har knapt fått sagt god vinterferie før jubelropa bryt laus på Rothaugen skule i Bergen.

Dei droppar siste time med faget Utdanningsval. Tiandeklassingane får nok å tenke på i ferien likevel.

– Det begynte andre halvår i niande klasse. I tiande har folk snakka om og stressa over vidaregåande konstant, seier Alrik.

I forgrunnen står to vaksne. Mellom dei i bakgrunnen sit Alrik Kleveland Dahl på ein scene.

Etter ei intens veke med valfaget «sal og scene» har dramalinja segla opp i konkurransen om studievalet.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Sjølv har han vore til rådgjevar for å få koll på alle moglegheitene.

– Eg veit ikkje om eg blei meir eller mindre forvirra, seier Alrik og ler.

– Han drog fram endå fleire val eg kunne ta.

Det gjer det ikkje lettare for ein som har lyst å prøve det meste.

Mange tek kontakt

Alrik er berre ein av mange som kjenner at valet er vanskeleg.

Det merker Tomas Iversen, karriererettleiar i Karriereveiledning.no.

Det er ein gratis teneste frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, der dei som skal søkje utdanning kan få informasjon og oversikt over dei mange moglegheitene.

Mellom anna ved å chatte med eller ta ein telefon til ein rettleiar.

Og dei har det travelt no.

Det er mange som tek kontakt med oss som ønsker å snakke om val av vidaregåande, særleg no fram mot fristen 1. mars.

Kva er det dei lurer på?

Ofte handlar det om at dei er usikre og ikkje anar kva dei skal velje. Me ser òg at ein del manglar viktig og nyttig informasjon.

Utvidar retten til omval

Heller ikkje Alrik har fått med seg alt.

– Har ein rett til å ombestemme seg? På vidaregåande? Det har ikkje eg høyrt noko om.

Men det får ein altså no, ifølgje lova.

Iversen trur det kan føre til at fleire torer å prøve noko er interessert i, men ikkje kjenner så godt til frå før.

Han trekk fram at mykje kan endre seg i løpet av vidaregåande.

– Ein lærer ganske mykje om seg sjølv, og det kan hende ein endrar litt perspektiv på ting. Så det er fint at ein har moglegheit til å velje om igjen eller skifte retning, seier rettleiaren.

Alrik i midten ser i kamera. Far til venstre ser mot mor, til høgre.
Foto: Martin Værum Anda / NRK

Heime hjå familien Kleveland Dahl kan ein høyre klokka tikke fram mot fristen medan Alrik fordøyer den nye informasjonen.

Heilt til far Odd Erik bryt inn.

– No fekk du endå fleire moglegheiter.

Så får ein sjå om det gjer det lettare for ein som har lyst å prøve det meste.