Hopp til innhold

No kan dei endeleg sleppe jubelen laus

Etter langvarig strid og fleire pinefulle utsetjingar er det no politisk fleirtal for å byggje ein splitter ny ungdomsskule i Måløy.

Vågsøy ungdomsskule

FÅR NY SKULE: Elevane ved Vågsøy ungdomsskule kan etter planen flytte inn i ny skule i årsskiftet 2017/2018.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

At Arbeidarpartiet i Vågsøy no har bestemt seg for å gå for nybygg, kjem som ei svært gledeleg overrasking for mange. For dette betyr fleirtal for ein ny skule.

Bianca Hjelle

GLAD: Bianca Hjelle har blant anna arrangert fakkeltog i kampen for ny ungdomsskule. No har dei vunne fram.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er veldig kjekt at dei tek til fornuft og at dei ser at dette er eit stort behov. Slik Arbeidarpartiet har uttala seg var eg veldig redd for at dei ikkje kom til å gå for nybygg, seier forelder Bianca Hjelle som har stått i spissen for skulekampen.

– Ikkje godt nok med rehabilitering

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) seier partiet hennar har gått grundig inn i Skanska sine planar og at dei har stor sans for dei. I tillegg har dei studert tidlegare utgreiingar på rehabilitering.

– Vi klarar ikkje å sjå at rehabiliteringa vil gi eit så godt tilbod på skulen, og vi klarar heller ikkje å sjå at det blir billegare, seier ho.

Både ordføraren og Hjelle ser no veldig fram til å kome i gang for å få ein splitter ny skule som etter planen skal den stå klar i årsskiftet 2017/2018. Men samstundes fortel Hjelle om eit vinglete Arbeidarparti som har skapt stor uvisse.

– Ein har ikkje heilt skjønt kva dei har styrt med i det siste. Det har vore møte seinast i går om nye idear som vi føler vi ikkje har fått innsikt i. Arbeidarpartiet har vore veldig uklare på kva dei vil, så at dei no vil gå for nybygg er veldig gledeleg for elevane og lærarane, seier ho.

I vinterferien skal elevane over i brakkebygg som mellombels løysing. Truleg startar arbeidet då.

Vil også bygge ny gymsal

Kristin Maurstad

SKAPER FLEIRTAL: Arbeidarpartiet og Kristin Maurstad har endeleg teke avgjerd i skulesaka i Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Per i dag ligg det samla sett 160 millionar kroner til både nybygg og mellombels bygg. I tillegg skal politikarane no finne ei løysing for å også få på plass ny gymsal.

– Vi meiner det vil vere dumt å bygge noko nytt og ikkje erstatte den eksisterande gymsalen som ikkje har lang levetid uansett, seier Maurstad.

Lite tyder på at nokon skal snu i saka no, men avgjerda er ikkje endeleg før den har vore til behandling i kommunestyret 10. desember.

– Torer de å sleppe jubelen heilt laus?

– Eg kan ikkje sjå at dei kan begynne å tulle noko meir. Det er trass at vi folkevalde som skal stemme på dei, og går dei ut med noko slikt så kan eg ikkje sjå at dei kan snu, det ville vore veldig merkeleg. Så eg tenker vi kan sleppe jubelen laus.