Hopp til innhold

Tre kommunar vurderer å slå seg saman til ein stor kommune

Både Hyllestad, Fjaler og Askvoll ønskjer å greie ut konsekvensane av ei kommunesamanslåing.

Kommunesamanslåing i Sunnfjord?

TRIO KAN BLI EIN: Med Dalsfjordbrua på plass, er det duka for ny diskusjon om kommunesamanslåing i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Foto: Fotomontasje

Hyllestad sa før helga ja til ei utgreiing om samanslåing. I dag har politikarane i Fjaler og Askvoll gitt sitt klarsignal.

Samrøystes oppslutnad

Arve Helle

SEIER JA: Arve Helle og Fjaler er positive til å sjå på kommunesamanslåing.

Foto: Rune Fossum / NRK
Frida Melvær

SEIER JA: Ordførar Frida Melvær i Askvoll vil vere med på dei vidare planane.

Fjaler-ordførar Arve Helle seier det var samrøystes oppslutnad om å gå vidare med dette.

– Det var lite debatt. Dette ønskjer folk å vere med på, seier han.

Askvoll-ordførarar Frida Melvær fortel om ein god debatt i kommunestyret i dag.

– Vi har samrøystes konkludert med at vi ønskjer ei utgreiing, seier ho.

Vil invitere med fleire kommunar

Samanslåing av HAFS-kommunane har vore tema ved fleire høve.

Ei tilsvarande kommunesamanslåing vart utgreidd for 10 år sidan, og det er denne dei tre ordførarane no vil ta tak i.

Arve Helle i Fjaler utelukkar ikkje at fleire kommunar kan bli inkludert.

– Vi har også sagt at vi må kople inn andre kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn. Det er naturleg å sjå vidare på dette. No skal vi ta ein runde og sjå om andre ønskjer å vere med.

Trur dette er framtida

Han trur det er viktig å gå breitt ut og trur at dette kan vere starten for nokre få storkommunar i Sogn og Fjordane.

– Det er dette framtida vil krevje på eit tidspunkt, men eg er usikker på kva tid det skjer. For min del handlar dette med store kommunar om meir enn innbyggjartal. Vi skal også ta omsyn til geografien. Vi bur grisgrendt og vil skal ta med oss heile dette biletet, seier han.