Hopp til innhold

Trio vurderer kommunesamanslåing

Når Dalsfjordbrua kjem på plass, tek kommunestyra i Askvoll, Fjaler og Hyllestad opp att drøftingane om kommunesamanslåing.

Kommunesamanslåing i Sunnfjord?

BLIR EIN: Med Dalsfjordbrua på plass, er det duka for ny diskusjon om kommunesamanslåing i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Foto: Fotomontasje

Det er avisa Firda som i dag skriv at kommunesamanslåing har kome på trappene att i HAFS-regionen.

Sjølv om kommunane vil kunne spare pengar, vil Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap) dempe forventingane.

Arve Helle

POSITIV: Arve Helle.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi må tenkje på nærleik til brukarane og. Det billegaste ville sjølvsagt vore å slå alt saman til ein sjukeheim, ein skule og så bortetter, men slik kan vi ikkje ha det, seier han til avisa.

Treng utgreiing

Samanslåing av HAFS-kommunane har vore tema ved fleire høve . Snart er Dalsfjordsambandet, med bru mellom Askvoll og Fjaler, ein realitet.

Det er ein av grunnane til at også fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva, meiner at det vil vere naturleg for HAFS-kommunane å vurdere kommunesamanslåing.

– I første omgang skal dette opp i kommunestyra i dei tre kommunane. Det ville forundre meg om dei stiller seg negative til ei utgreiing, seier Helle til Firda.

Askvoll vil vente

Ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde (Ap) sa like etter valet i fjor at kommunane burde sjå på kommunesamanslåing med større alvor enn tidlegare.

Frida Melvær

AVVENTAR: Frida Melvær.

HAFS-kommunane slått saman, vil gjere det til den tredje største folkerike kommunen i fylket. Ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H) ynskjer å avvente.

– Ein debatt som dette vekkjer sterke kjensler, og det er nok av dei som vil synse og meine om både det eine og det andre, men det vi treng no, er å vite. Og det vil ei utgreiing hjelpe oss med, seier ho til Firda.