Hopp til innhold

No får du meir lokale nyheiter i P1+

Frå måndag 28. september skal P1+lyttarane få meir distriktsnyheiter om morgonen.

DAB

LOKALE NYHEITER: Om du er ein av dei som lyttar til P1+ vil du frå i morgon av oppleve at du får meir lokale nyheiter.

Foto: Robin Mortensen / NRK

– Vi veit at dei som høyrer på NRK P1+ er dei som er mest interesserte i nyheiter. Dette er ein kanal for dei som har høyrt på oss lengst og mange har etterlyst lokale nyheiter også om morgonen, seier kanalsjef for P1+ Jon Branæs.

Slik det har vore til no har dei som lyttar til P1+ fått to minutt med lokale nyheiter etter Dagsnytt klokka 10, 11, 12 og 13 på kvardagane. No skal dei få meir, frå i morgon av sender P1+ ut lokale nyheiter også klokka 07.03 og 08.03.

– Dette krev ei tilpassing i NRK P1. Nyheitstilbodet frå distriktskontora har vore veldig variert, der nokon har veldig korte nyheiter på desse tidspunkta, andre har litt lengre og andre har ikkje i det heile, seier Branæs.

Men når distriktsnyheitene no også skal ut til P1+lyttarane må alle distriktskontora levere det same, nemleg to minutt med lokale nyheiter klokka 07.03 og 08.03.

– Folk vil kunne oppleve at sjølve nyheitssendingane lokalt blir litt kortare klokka 07 og 08 i nokre distrikt, men det skjer ikkje noko anna med den lokale morgonsendinga, seier Branæs.

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, gler seg over at dei lokale nyheitene skal ut til fleire lyttarar.

– Vi veit at spesielt den litt eldre lyttargruppa høyrer på P1+, kanskje på grunn av musikken. Og då er det spesielt gledeleg for oss at vi også der kan tilby lokale nyheiter, seier han.