Hopp til innhold

No blir historia om Natalia til bok

Fem år gamle Natalia er alvorleg kreftsjuk, og familien lever på lånt tid. No vil familien gi ut historia hennar i bokform.

Emilia og Natalia Polbratek

BLIR BOK: Den rørande historia til søstrene Emilia og Natalia kjem ut i bokform i løpet av 2013.

Foto: Privat

– For oss er det viktig å fortelje Natalias historie, slik at andre kan finne trøyst, og kanskje lære av erfaringar som vi har gjort oss, seier mamma Monika Polbratek til VG.

Den vesle familien på Leikanger i Sogn er budd på at den vesle femåringen lever på lånt tid.

NRK.no fortalte tidlegare i år om storesøster Emilia (14), som bestemte seg for at ho skulle gjere sommaren til den aller beste for den kreftsjuke søstera si.

– Litt kult og litt kleint

I løpet av 2013 kjem familien sine eigne notat ut i bokform. Også bloggen til storesøster Emilia blir ein del av boka.

– Det blir litt kult og litt kleint, seier Emilia til VG.

Den gripande historia om dei to søstrene rørte i sommar folk i heile Norge. Saka spreidde seg som eld i tørt gras etter at Aftenposten trykte eit innlegg frå Emilia:

Jeg har en fantastisk lillesøster på fem år som fikk kreft i januar. Nyhetene ble verre og verre, og etter en lang stund tok legene mot til seg og fortalte oss at hun bare har denne sommeren igjen å leve. Så dette er min sommer. Jeg skal tilbringe sommeren med å få min søsters siste uker til å bli så fantastiske som mulig

Natalia Polbratek

– Kjennest meiningsfylt no

No får ikkje lenger Natalia cellegift. På nattetid får ho morfin mot smertene, men om dagen susar ho ifølgje VG rundt som ein normal femåring.

– Eg veit ikkje om eg klarer å fortelje so mykje når dette er over, men akkurat no kjennest det veldig meiningsfylt å jobbe med dette, seier mamma Monika til avisa.