Natalia får støtte frå heile Norge

Pengane har strøymd inn på kontoen etter at heile Norges befolkning har fått høyre den rørande historia om kreftsjuke Natalia Polbratek (5) frå Leikanger.

Emilia og Natalia Polbratek

EIN SISTE SOMMAR: Emilia Polbratek sørgjer for at dette skal bli ein fantastisk sommar for veslesøstera Natalia på fem år.

Foto: Privat

Emilia Polbratek (14) har gått inn for å gi veslesøstera Natalia ein så fantastisk sommar som berre mogleg. No får ho hjelp frå heile landet.

Fem år gamle Natalia er alvorleg kreftsjuk og dette blir truleg hennar siste sommar. Storesøster Emilia og foreldra til dei to jentene har gjort kva dei kan for å gjere den til verdas beste sommar.

Ville så gjerne hjelpe

Til det har dei fått god hjelp av tre damer frå Leikanger. Blant dei er Heather Broomfield. Saman med Marit Mellingen og Herdis Ulveseth oppretta ho ein konto slik at alle som ville kunne bidra til at Natalia skal få gjere akkurat det ho har lyst til i sommar.

– Vi kjenner familien ganske godt alle saman, og vi har vore saman med dei gjennom prosessen. Når beskjeden kom om at behandlinga vart avslutta følte vi oss litt hjelpeslause, og vi hadde så lyst til å hjelpe dei, seier Broomfield.

– Det var få ting vi kunne gjere. Men vi tenkte at vi kunne setje opp ein konto og få vener og familie og alle andre til å setje inn pengar, slik at Natalia kunne få ein best mogleg sommar.

Førebels har Natalia fått reise til Oslo, Legoland i Danmark og ho har fått besøkt ein dyrepark. Dei har hatt fest for ho i barnehagen og ho har fått mange nye vener. Torsdag fekk ho også ein hamster.

– Vi håpar pengane kan bli brukt slik at natalia kan få gjere kva ho vil. Til dømes om ho vil ha ein hamster så kan ho få det, seier Broomfield.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heather Broomfield

VILLE HJELPE: Heather Broomfield meiner bygdekulturen i Norge er fantastisk, og at all støtte betyr mykje for familien Polbratek.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Støtta betyr veldig mykje

Ho skryt av bygdekulturen i Norge, og meiner det er fantastisk at så mange vil hjelpe Natalia.

– Eg trur det betyr veldig mykje for familien. Det handlar ikkje berre om pengane, men om støtte og medkjensle som dei har fått i den vanskelege tida dei har vore gjennom no. Det er fantastisk å sjå at heile Norge bryr seg om vesle Natalia og hennar familie. Ho er ei fantiske jente, og det er fantastisk at folk støttar ho og familien, seier Broomfield.

Kor mykje pengar som til no er komme inn veit ho ikkje, men ut i frå det folk har skrive på Facebook-gruppa har det blitt ein del. Folk har gitt alt mellom 100 og 1000 kroner, seier Broomfield.

Gladeleg uvitande

Det har vore mykje oppstyr rundt familien dei siste dagane, og dei har vore i media fleire gonger. Natalia sjølv nyt alt ho får, og er gladeleg uvitande om det som ventar ho. Ho var blid som ei sol då NRK kom på besøk, og fortalde om alt det kjekke ho får vere med på.

– Eg elskar å vere på trampolina, fordi det er så morosamt å hoppe så høgt, og fly som ei papegøye, fortalde femåringen.

For storesøster Emilia og foreldra er det ikkje enkelt å halde maska.

– Etter august så blir det ein veldig usikker situasjon. Då kan det skje når som helst, og då skal eg ta fri frå skulen og vere heime, seier Emilia.

– Det blir nok ei anspent stemning i huset, men vi får vente og sjå. Eg prøvar å ikkje tenke på at ho ikkje har lenge igjen. Då blir det berre grining eg depping, og då kjem ho til å lure på kvifor vi er slik. Det her skal bli ein bra sommar, så då må vi sjå glade ut for hennar skuld, seier ho.

– Emilia sterkast i heimen

Etter at Emilia sende inn eit innlegg til Aftenposten om «Verdas beste sommar» har historia gått landet rundt, og pengane har strøymd inn på kontoen. Sjølv held dei fokus på målet, å gi Natalia verdas beste sommar.

– Vi gjer alt, og prøver å få ho til å møte så mange som mogleg slik at ho kan få nye venner. Og det er mange som vil møte ho. Ho har aldri vore i syden før, så vi har bestilt tur til Roma i august. Vi håpar vi rekk det, fortel Emilia.

For foreldra til dei to jentene betyr optimismen til Emilia mykje.

– Det er dramtatisk sjølvsagt. Vi er veldig stolte av Emilia, og det ser ut som at ho er den sterkaste i heimen. Det er ho som oppmuntrar oss. Ho er så flink og sterk, og det er viktig, ikkje berre for oss som foreldre og Natalia, men også for Emilia sjølv, seier Monika Polbratek.

Held håpet i live

Og Emilia har framleis håp om at prognosane skal endre seg.

– Det er jo ikkje noko håp att, men ein kan alltids håpe, seier ho.

Natalia på si side gler seg stort til resten av sommaren.

– Emilia og eg skal gjere mykje i sommar. Vi skal finne mange rare blomar, og hoppe på trampoline og finne pepperkake.

For dei som ønskjer å hjelpe Natalia og familien hennar til å få ein så god sommar som mogleg er kontonummeret: 1204.22.62364.