Hopp til innhold

No blir det fint over store delar av landet: – Vel fortent

Det blir ein strålande start på september, men hausten blir prega av mykje usikkert vêr.

Bilete av folk som nyter vêret i Førde.

FINT: Endeleg kan folk på Vestlandet nyte ein lengre periode med bra vêr.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Endeleg kjem ein lengre periode med fint vêr over store delar av landet.

– Det synest vi er vel fortent, smiler Connie Amundsen Vilnes.

Ho brukte finvêret til å ta med barnebarnet Oliver til elva Jølstra, der dei kjølte seg ned med ein is.

På Vestlandet og andre stader i Noreg der sommaren har vore prega av mykje nedbør, kjem statsmeteorolog Iselin Skjervagen med ei gladnyheit.

– Alt som ligg frå Trondheim og nedover får mykje bra vêr denne veka, også inn i helga, seier Skjervagen.

Eit høgtrykk frå sør vil ligge over Sør-Noreg som gjer at fleire vil oppleve sol og temperaturar opp mot 20 grader.

Nordmenn i sommervarmen på Sørenga

Også på Austlandet vil det vere fint vêr denne veka. Det kan føre til fleire slike dagar på Sørenga i Oslo.

Foto: Camilla Svennæs Bergland / NRK

Verre er det nord for Trondheim.

– I Nord-Noreg er det ein anna historie. Der vil det kome meir nedbør, seier statsmeteorologen.

– September liknar meir ein sommarmånad

Det er ikkje uvanleg med ei lengre periode med fint vêr når vi no går inn i september månad.

– Det er tilfelle at september minner meir om slik vi hugsar august frå gammalt av. September byrjar å likne meir på ein sommarmånad, seier klimaforskar ved Norce og Bjerknessenteret, Erik Kolstad.

Som ein konsekvens av global oppvarming blir alle månadane varmare. Vinteren blir kortare og sommaren lengre.

September er no meir klimatisk varm enn mai.

– Det er godt mogleg med temperaturar godt over 20 grader i september.

Kajakk i Førde sentrum

I Førde valde nokon å ta i bruk kajakken i sola.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Sjølv om september startar bra, er det mykje usikkert vêr i vente resten av månaden.

Kolstad og teamet hans i Climate Futures har sett på langtidsvarselet for hausten.

– Dessverre får ein vel seie, men det ser ut som vêret vi har hatt i sommar ser ut til å fortsette i haust. Vi får vêr frå vest som betyr mykje nedbør, men og relativt milde temperaturar, seier Kolstad.

– Det ser ut til at det også blir litt meir nedbør på Austlandet i september.

Eit uvanleg 2022

At det har vore så likt vêr i Noreg i sommar er uvanleg ifølge Kolstad. Det har ein samanheng med det som skjer lengre sør på kontinentet.

– Det er uvanleg at ein har hatt den same vêrtypen over så lang tid. Det er ikkje berre her, det har vore ei langvarig hetebølge nedover på kontinentet og krise lite nedbør der, og veldig mykje her. Samanhengen er at dei har hatt ein veldig kraftig høgtrykk og då får vi luft inn frå vest/sør vest, då regner det mykje her.

Bleik, Andøya.

Hausten vil bli prega av ein del nedbør. Denne veka trekker Nord-Noreg det kortaste strået når det gjeld vêret.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK