Hopp til innhold

No blir bygdefolket endeleg tryggare

Få stadar strevar så mykje med livsfarlege skred som Veitastrond. No blir kvardagen tryggare.

Rasvoll i Veitastrond

TRYGGARE KVARDAG: Rassikringsarbeidet på vegen mot Veitastrond går føre seg for fullt. Både tunnelar og store rasvollar trengst for å sikre dei 120 innbyggarane der.

Foto: Arne Eithun / Statens Vegvesen

Rassikringsarbeidet på vegen mot Veitastrond går føre seg for fullt. Både tunnelar og store rasvollar trengst for å sikre dei 120 innbyggarane, som kvar vinter kan oppleve å vere isolert i lange tider.

Snart full høgde

Den svære rasvollen i Buskreda som skal hindre snøras å kone ned på Veitastrondvegen (fv 337) i Luster har snart nådd full høgde, melder Statens vegvesen. Vollen er kostnadsrekna til om lag 17,2 millionar kroner.

– Arbeidet har til tider vore krevjande, og framleis er det mykje jord og stein som skal lastast ut frå fangrommet bak vollen. Ein del av dette skal brukast til ein ny voll som skal hindre blautsnø frå Lindskreda på same strekning, seier prosjektleiar Stein Idar Dyngen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Viktig og gledeleg

For bygdefolket som i alle år har streva med ei livsfarleg vegstrekning er rassikringsarbeidet eit viktig framsteg. Asbjørn Nes frå Veitastrond er ein av mange som gler seg.

– Dette er jo sjølvsagt, veldig viktig og gledeleg for oss. Det å ha ein sikker veg er eit vere eller ikkje vere for Veitastrond. No er jo bygda inne i ein positiv periode, det er mange unge som flyttar tilbake hit og byggjer hus og fjøsar og nær sagt alt mogleg. Så det er optimismen som rår på Veitastrond, definitivt.

Kor farleg er dette området?

– Dette området er veldig farleg. Dette er jo eitt av to skred i det området, det andre er Lindskreda, og det blir sikra gjennom tunnelen som byrjar til neste år. Det som gjer det så skummelt er at området er så langt, det er snakk om mange hundre meter som er rasfarleg, og ofte går skreda samstundes. Så dette er kanskje det området vi har frykta mest.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøskred i Veitastrond

SNØSKRED: Vegen til Veitastrond i Luster har vore stend mange gonger etter snøras.

Foto: Privat

Vanskeleg arbeid

Rassikringsarbeidet starta opp i fjor og består av ein plogvoll som skal dele og fange opp to snøras, store og vesle Buskreda.


Stein Idar Dyngen i Statens vegvesen fortel at arbeidet nyleg har blitt starta opp igjen etter ferien, og at rassikringa i Buskreda skal vere ferdig i månadsskiftet oktober/november. Arbeidet har stort sett gått etter planen, men entreprenøren har også møtt på enkelte utfordringar.


– Tryggleiken kjem alltid fyrst når det blir arbeidd i eit slikt terreng som vi her snakkar om. I somme periodar har det vore svært blaute jordmassar, og det kan vere ei utfordring når det er mange store anleggsmaskiner i same området. Men eg synst entreprenøren har løyst dette på ein god måte, seier Dyngen.

Tør ikkje kvitte seg med luftputebåten

Mange harde vintrar har ein luftputebåt vore einaste moglege måte å kome seg til og frå Veitastrond. Men Asbjørn Nes seier det endå ikkje er aktuelt å legge den originale båten i varig opplag.

– Det er nok for tidleg. Vi må nok også få på plass tunnelen. Men når den er på plass ser det betre ut. Vi har jo framleis igjen det vi kallar "monsterskredet i Utledøla". Men der blir det i sommar montert radarvarslingsanlegg, så tryggleiken blir jo mykje betre der også, fortel Nes.